Sanktpeterskjerm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sanktpeterskjerm | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantar | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Apiales | |
| Familie: | Skjermplantefamilien | |
| Slekt: | Sanktpeterskjemslekta | |
| Art: | C. maritimum | |
| Vitskapleg namn | ||
| Crithmum maritimum | ||
Sanktpeterskjerm, Crithmum maritimum, er ein plante i skjermplantefamilien, som veks ved kysten. Han er utbreidd ved Svartehavet og Middelhavet og nordover langs atlanterhavskysten til Dei britiske øyane. I Noreg er han nyleg innvandra, seinast rundt år 2000, men utan å vera spreidd av menneske. Han vert spreidd nordover med havstraumane. Spreiinga av sanktpeterskjerm nordover er rekna som ein sterk botanisk indikasjon på klimaendringar. Fordi det er funne få reproduserande individ i Noreg, er arten her rekna som truga, men han er truleg i vekst.[1]