Sanlúcar de Barrameda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sanlúcar de Barrameda
Barrio Alto i Sanlúcar de Barrameda
Barrio Alto i Sanlúcar de Barrameda
Flagget til Sanlúcar de Barrameda Byvåpenet til Sanlúcar de Barrameda
Flagget til Sanlúcar de Barrameda Byvåpenet til Sanlúcar de Barrameda


Plassering
Sanlúcar de Barrameda is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Grunnlagd [[]]
Borgarmeister Angel Pozo
Geografi
Flatevidd
 - By

174 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

63 509
  365 /km²
Koordinatar 36°47′″N 6°21′″WKoordinatar: 36°47′″N 6°21′″W
Høgd over havet 30 moh
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer 11540
Nettstad: www.aytosanlucar.org

Sanlúcar de Barrameda (eller berre Sanlúcar) er ein by nordvest i Cádiz i den autonome regionen Andalucía sør i Spania. Sanlúcar ligg ved munningen av elva Guadalquivir.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1264, etter at Sanlúcar de Barrameda vart teken frå maurarane av Alfonso X av Castilla, vart han rekonstruert og vart på 1400- og 1500-talet ein av dei viktigaste hamnebyane for handel mellom kysten av Atlanterhavet og kysten av Middelhavet.

Etter Den nye verda vart oppdaga vart Sanlúcar ein stad der skip vart reparert og mange spanske conquistadorar reiste av stad frå denne byen. Kristoffer Columbus sette av stad på den tredje reisa si den 30. mai 1498 frå Sanlúcar. Ei anna historisk avreise hadde Ferdinand Magellan den 10. august 1519 med ein flåte på fem skip som reiste frå Sevilla, ned Guadalquivir til Sanlúcar de Barrameda ved munningen av elva, der dei var fem veker. Sanlucar var òg staden der det einaste skipet frå ekspedisjonen kom attende, kommandert av Juan Sebastián Elcano. Dette var det første skipet som segla rundt jorda.

Alonso Fernández de Lugo, som erobra Kanariøyane, La Palma (1492) og Tenerife (1495), var frå Sanlúcar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]