Sanmenxia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Sanmenxia-prefekturet i Henan

Sanmenxia (kinesisk: 三门峡; pinyin: Sānménxiá) er eit byprefektur lengst vest i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 475 km² og hadde 2,23 millionar ibuarar i 2010. Sanmenxia ligg på sørsida av storelva Huang He.

Byprefekturet Sanmenxia omfattar eitt bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

I prefekturet ligg Sanmenxia-demninga, den øvste demninga i Huang He, bygt på 1950-talet. Vasskraftverket på staden har ein effekt på 2 870 megawatt. Av langt nyare dato er Sanmenxia kolkraftverk på 1 800 MW.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

I Sanmenxia stansar toga på Longhaibanen, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, som strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou via mellom andre Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Weinan og Xi'an.

Kinas riksveg 209 går gjennom byprefekturet. Han byrjar i Hohhot i Indre Mongolia, kryssar gjennom provinsane Shanxi, Henan, Hubei, Hunan og endar opp i hamnebyen Beihai i Guangxi. Også Kinas riksveg 310 passerer gjennom området. Denne viktige trafikkåra tek til i Lianyungang i Jiangsu, fører så vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Ho er innom storbyar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]