Sanntidsoperativsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Sanntidsoperativsystem».

Eit sanntidsoperativsystem er eit operativsystem som handsamar data i sanntid. Eit sanntidssystem garanterer at resultata av dei ulike operasjonane vert leverte i rett tid, eller innan eit gitt tidsrom, under føresetnad av at det ikkje vert overbelasta (tildelt for mange, eller for arbeidskrevjande, oppgåver).

Hardheit[endre | endre wikiteksten]

Sanntidsystem kan ha ulik grad av «hardheit», der «hardheit» syner til at responsen til systemet avvik lite frå det som vert forventa. At respons kjem i rett til (innan snevre toleransar) vert ofte kalla «hard sanntid». Eit sanntidsoperativsystem som oppfyller krava til «hard sanntid» vert av og til kalla eit «hardsanntidssystem». Når krava til «hard sanntid» ikkje er oppfylte, slik at responsen kan koma litt forsinka og til litt ulike tider (innan ein viss toleranse), talar ein gjerne om «mjuk sanntid». Eit mjuksanntidsoperativsystem misser likevel ikkje data. I nokre høve kan dette føra med seg ei svekking av kvaliteten, til dømes ved lyd- eller videostrauming, men om det er akseptabelt med litt forsinking kan data likevel leverast med faste interval (konstant sampelrate) ved å nytta bufferar for å mellomlagra data. Buffering vert til dømes nytta i samband med lydkort og strauming av lyd og video over internett. I nokre samanhengar kann det føra til katastrofe om responsen er forsinka. Dette gjeld til dømes i kontrollsystem, som vert ustabile om sløyfeforinkinga overstig ein viss verdi. Det finst mange døme på system som er ustabile og må stabiliserast av eit kontrollsystem med mykje snøggare respons enn det som er muleg med manuell styring. Typiske døme er bærerakettar og moderne jagarfly. Om kontrollsystemet som vert nytta ikkje handsamar måledata frå sensorane snøgt nok kan ikkje pådragsorgana aktiverast før det er for seint.

Pålitelegheit[endre | endre wikiteksten]

Mange system, som til dømes kjernekraftverk, set strenge krav til pålitelegheit.

Døme på sanntidsoperativsystem er VxWorks, QNX, OSE, eCos, pSOS, RTLinux og Windows CE.