Sansculottane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein sansculott.

Sans-culottane ( Frå det franske uttrykket for 'folk utan knebukser') var ein term skapt i 17901792 av aristokratane, for å skildre dei fattigare medlemene av Tredjestanden under den franske revolusjonen. Dette fordi dei til vanleg bruka langbukser og ikkje dei knebuksene (culottes) som var på moten. Nemninga kom til å bli bruka om dei dårleg kledde og utstyrte frivillige i den revolusjonære hæren i dei tidlege åra av revolusjonskrigane, og om det som vart sett på som ytterleggåande revolusjonære frå arbeidarklassen og lågare mellomlag. Sansculottisme tydde då relativt ytterleggåande egalitære republikanske prinsipp.

Kleda til sansculottane skilde dei frå andre meir borgarlege revolusjonære. Dei hadde som sagt langbukser, ikkje knebukser som overklassen hadde, oftast ei kort jakke, mange gonger ei raud frygisk hue og gjerne tresko på beina.

Sansculottane fekk stor støtte under kriser som ramma vanlege folk, slik som brødmangel. Ein av leiarane deira var Jacques Hébert, og dei støtta vanlegvis dei mest venstreorienterte delane av regjeringane under revolusjonstida. Under Skrekkveldet vart sansculottane undertrykte, dette skjedde i mars 1794, då mellom andre Hébert vart avretta.

Etter Thermidor-reaksjonen frå sommaren 1794 vart sjølv nemninga sansculott forbydd.


Kjelde: Engelskspråkleg wikipedia.