Sant'Antioco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sant'Antioco
Geografi
Sant'Antioco is located in Italia
Stad Middelhavet
Koordinatar 39°02′N 08°24′EKoordinatar: 39°02′N 08°24′E
Areal 115,59 km²
Høgaste punkt Monte Guardia (280 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sardinia
Carbonia-Iglesias
Demografi
Folketal 11 730 (2001)
Folketettleik 101,59 /km²

Sant'Antioco er ei øy og ein kommune sørvest for Sardinia i provinsen Carbonia Iglesias i Italia. Ho har 11 730 innbyggjarar (2001). I antikken låg byen Sulci her, rekna som den andre byen på Sardinia i antikken.

Øya Sant'Antioco[endre | endre wikiteksten]

Sant'Antioco er den nest største øya i regionen Sardinia, etter sjølve Sardinia, med eit areal på 109 km². Ho er òg den fjerde største i Italia etter Sicilia, Sardinia og Elba, og den sjuande største i Middelhavet. Ho ligg 87 km frå Cagliari og er forbunde til fastlandet via ei bru. Øya er delt mellom dei to kommunane Sant'Antioco og Calasetta. Andre busetnadar er den litle turiststaden Maladroxia og Cussorgia, ein del av Calasetta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya Sant'Antioco var busett frå minst år 4000 f.Kr. (den såkalla San Michele-kulturen av Ozieri), som hovudsakleg baserte seg på fiske og jordbruk. Typiske graver (kalla domus de janas) og bautasteinar frå denne kulturen er funne. Øya har òg hatt nuraghesivilisasjonen.

Byen Sant'Antioco vart funne på 700-talet fvt. av fønikarar som gav han namnet Solki. På 500-talet vart han ein kartagesisk koloni. Den puniske herredøme enda på 100-talet fvt. då Solki vart erobra av romarane, som bygde eit kunstig eid til fastlandet. Under borgarkrigen mellom Julius Cæsar ogPompeius støtta øya sistnemnde og vart hardt straffa for dette etter Cæsar sin siger. I romartida vart ho kalla Plumbaria etter blyførekomstane her.[1]

Namnet på den noverande byen kom frå St. Antiochus, som kristna området og vart martyrdrepen i år 125 e.Kr. Etter slutten av Vestromarriket vart det bygd festningsverk i Sant'Antioco av austromarane. Ho vart fleire gonger plyndra av sarasenarar frå tidleg på 700-talet og vart gradvis forlatt av innbyggjarane, som flykta til tryggare område. Til slutt var det stort sett berre pilegrimar som vita leivningane av St. Antiochus på øya. Ein ny busetnad vart oppretta rundt år 935 av ein lokal herre frå Cagliari, men dette vart snart forlatt. Øya høyrte til Kongedømet Sardinia (oppretta i 1354) og kom seinare inn under erkebiskopen av Caligari i 1503, og i 1758 under den religiøse ordenen SS. Maurizio og Lazzaroø. På denne tida hadde byen 38 hus, 15 verkstader, 164 hytter og om lag 450 innbyggjarar.

I januar-mai 1793 vart øya okkupert av franske troppar under admiral Laurent Jean François Truguet, og innbyggjarane slapp å betale skatt til kyrkja. Det siste åtaket frå nordafrikanske sjørøvarar skjedde i 1815 (same året som leivningane av vernehelgenen Antiochus vart ført tilbake til domkyrkja).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]