Santa Elena-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Salinas, ferieby på nordsida av Punto Santa Elena. Foto: Alfredo Molina

Santa Elena-halvøya er eit område sørvest i Ecuador, lengst vest i Guayasprovinsen, som omfattar kantonane Santa Elena og Salinas. Aust for halvøya ligg byane Playas og Progreso. Desse to byane ligg omtrent midtvegs mellom Guayaquil og Santa Elena-pynten. Santa Elena-pynten er punktet lengst vest i landet.

Den største byen i denne regionen er La Libertad med over 70 000 innbyggjarar (2004). La Libertad er eit trafikknutepunkt, ei fiskehamn og her ligg eit lite oljeraffineri. Byen Salinas like ved har ca 20 000 fastbuande og er ein ferieby med høgsesong frå januar til april.

Regionen har to viktige arkeologiske museum. Museo Real Alto viser funn etter valdiviakulturen og andre busetjingar, det ligg ved kysten ca 50 kilometer aust for La Libertad. Los Amantes de Sumpa er eit museum nærare byen Santa Elena som mellom anna viser dei eldste menneskeskjelett som er funne i landet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Rachowiecki, Rob, Ecuador, 5. opplag, Lonely Planet (2001)