Santali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santali
Klassifisering Austroasiatisk
 Mundaspråk
  Nordmunda
    '
Talarar Santalar
Bruk
Santalitalande i alt 6 200 000[1]
Språkkodar
ISO 639-3 sat
Glottolog sant1410

Santali er eit mundaspråk som blir tala av rundt 6,2 millonar menneske i aust i India og i Bangladesh; dels også i Bhutan og Nepal. Dei aller fleste av desse i delstatane Jharkhand, Assam, Bihar, Orissa, Tripura, og West Bengal i India.[2]

Språket kan skrivast med det latinske alfabetet, men det blir også skrive med hindi eller bengali-skrift, eller eit eige skriftsystem for santali, ol chiki.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Av dei som har santali til morsmål, kan 10%–30% lese og skrive språket. Av dei som har lært seg santali som andrespråk, kan 25%–50% lese og skrive. Det blir undervist i santali i grunnskulen i India.[4]

Misjonspresten Lars Skrefsrud omsette dei fire evangelia til santali, og Paul Olaf Bodding førte dette arbeidet vidare - i 1906 var Det nye testamentet omsett til santali, og i 1914 var heile Bibelen omsett til santali. Bodding omsette også salmar og andaktstekster for barn.[5] Utanom den religiøse litteraturen, skreiv Skrefsrud og Bodding ned mange tekstar med folkedikting.[6]


Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Som eit døme på oppbygginga av språket, gir vi her nokre glimt av grammatikken i sanatali.

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

Konsontantar[endre | endre wikiteksten]

Santali har 21 konsontantar i tillegg til 10 lukkelydar som blir brukt i visse lånord.

  Bilabial Alveolar Retroflex Palatal Velar Glottal
Lukkelydar ustemd p (ph) t (th) ʈ (ʈh) c (ch) k  
stemd b (bh) d (dh) ɖ (ɖh) ɟ (ɟh)
<j jh>
g (gh)  
Frikativar   s       h
Nasalar m n   ɲ ŋ  
Vibrantar   r        
Flappar     ɽ      
Lateralar   l        
Halvvokalar w     j <y>    

I heimlege or er motsetninga mellom stemde og ustemde lukkelydar nøytralisert i endinga av ord.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Santali har 8 ikkje-nasale og 6 nasale vokalar.

  Fremre Midtre Bakre
Høg i ĩ   u ũ
Mellomhøg e ə ə̃ o
Mellomlåg ɛ ɛ̃   ɔ ɔ̃
Låg   a ã  

Santali har mange diftongar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Santali er som andre mundaspråk, eit agglutinerande språk som brukar suffiksar.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Tal[endre | endre wikiteksten]

Det er tre numerus (tal): singularis, dualis og pluralis.

Singularis seta 'hund'
Dualis seta-kin 'to hundar'
Plural seta-ko 'hundar'

Kasus[endre | endre wikiteksten]

Kasusendinga kjem etter numerus-endinga.

Kasus Markør Funksjon
Nominativ Subjekt og objekt
Genitiv -rɛn (levande)
-ak', -rɛak' (ikkje-levande)
Possessor
Komitativ -ʈhɛn/-ʈhɛc' goal, place
Instrumental lokativ -tɛ Instrument, årsak
Sosiativ -são Tilknyting
Allativ -sɛn/-sɛc' Retning
Ablativ -khɔn/-khɔc' Opphav
Lokativ -rɛ Plassering

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Dei personlege pronomena i Santali skil mellom inkluderande og ekskluderande førsteperson og anafor og demonstrerande tredjeperson.

  Singularis Dualis Pluralis
1. person Ekskluderande ɘliɲ alɛ
Inkluderande   alaŋ abo
2. person am aben apɛ
3. person Anafor ac' ɘkin ako
Demonstrativ uni unkin onko

Pronomena skil mellom levande ('kven?') , ikkje-levande ('kva?') og referens ('kva for?').

  Levande Ikkje-levande
Referens ɔkɔe oka
Ikkje-referens cele cet'

Dei ubestemte pronomena er:

  Levande Ikkje-levande
'nokon' jãheã jãhã
'somme' adɔm adɔmak
'ein annan' ɛʈak'ic' ɛʈak'ak'

Talrekka[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste tala er desse:

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 20 100
mit' bar pon mɔ̃ɽɛ̃ turui eae irəl arɛ gɛl isi sae


Verb[endre | endre wikiteksten]

Bøying ut frå subjekt[endre | endre wikiteksten]

  Singularis Dualis Pluralis
1. person Ekskluderande -ɲ(iɲ) -liɲ -lɛ
Inkluderande   -laŋ -bon
2. person -m -ben -pɛ
3. person -e -kin -ko

Bøying ut frå objekt[endre | endre wikiteksten]

Transitive verb kan bøyast ut frå situasjonen til objektet.

  Singularis Dualis Pluralis
1. person Ekskluderande -iɲ- -liɲ- -lɛ-
Inkluderande   -laŋ- -bon-
2. person -me- -ben- -pɛ-
3. person -e- -kin- -ko-

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Santali er eit SOV-språk.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue, 1997
  2. «Santali: A Language of India». Ethnologue: Languages of the World. SIL International. Henta 16. januar 2012. 
  3. «A Santali News Paper». Rourkela: Disom Khobor. Henta 18. februar 2012. 
  4. Ethnologue
  5. SNL-biografi
  6. SNL

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]