Santerno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Santerno
LocationSanternoRiver.png
Utspring Dei toscanske Appenninane
- Høgd 1 222 moh
Munning Reno
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 27 km
Middelvassføring 16 m³/s
Nedslagsfelt om lag 700 km²

Santerno er ei elv i Romagna i Italia og ei av dei viktigaste sideelvane til Reno. I romartida vart ho kalla Vatrenus (litle Renus), men i Tabula Peutingeriana vart ho nemnd som Santernus.

Ho har sitt utspring nær Futapasset i ei høgd 1 222 moh i Appenninane ved Firenzuolaplatået. Etter Firenzuola renn ho gjennom Castel del Rio, der ho vert kryssa av den kjende mellomalderbrua Ponte degli Alidosi, Fontanelice, Borgo Tossignano, Casalfiumanese og Posletta. Ho renn så ut i Reno 7 km frå Bastia.

Det er mogeleg at elva rann aust for Bagnacavallo i antikken. Etter Imola delte elva seg i to greiner, dene eine nordaustover mot Ravenna og den andre nordover til Po. Greina mot Ravenna forsvann truleg på 700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]