Santo Stefano

Koordinatar: 40°47′22″N 13°27′15″E / 40.78944°N 13.45417°E / 40.78944; 13.45417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Isola Santo Stefano i Maddalenaøyane
Santo Stefano og Dei pontinske øyane.
Det forlate fengselet på Santo Stefano.

Santo Stefano er ei øy i Tyrrenhavet utanfor vestkysten av Italia og er ei av Dei pontinske øyane. Ho er sirkelforma, mindre enn 500 meter i diameter og ligg 2 km aust for den naboøya Ventotene.

Som resten av øygruppa vart øyane danna av vulkansk aktivitet. Eit gamalt fengsel bygd av Huset Bourbon dominerer øya og var i bruk fram til 1965. Av folk som sat i fengsel her finn ein anarkisten Gaetano Bresci og under facistregimet den framtidige italienske presidenten Sandro Pertini, Umberto Terracini, Giorgio Amendola, Lelio Basso, Mauro Scoccimarro, Giuseppe Romita, Altiero Spinelli og Ernesto Rossi.

Øya har ikkje vore busett etter at fengselet vart lagd ned, bortsett frå turistar som vitjar øya på dagtid.

Øya har hatt fleire forskjellige namn gjennom tidene Partenope, Palmosa, Dommo Stephane og Borca sidan romartida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

40°47′22″N 13°27′15″E / 40.78944°N 13.45417°E / 40.78944; 13.45417