Saparmyrat Nyýazow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saparmyrat Nyýazow

Saparmyrat Ataýewiç Nyýazow (russisk Saparmurat Atajevitsj Nijazov) (fødd 19. februar 1940, død 21. desember 2006) var presidenten i Turkmenistan fram til han døydde i slutten av 2006. Han har sidan 1985 vore ein av dei mektigaste personane i Turkmenistan.

Nyýazow vart foreldrelaus i ung alder. Faren hans døydde i kampen mot tyskarane i andre verdskrigen, og resten av familien døydde i jordskjelven som lagde Asjkhabad øyde i 1948. Han vart oppdregen på ein sovjetisk barneheim, og vart medlem av kommunistpartiet der han steig i gradene og vart til slutt leiar for Kommunistpartiet i Det turkmenske SSR - seinare kjent som Turkmenistans demokratiske parti. Då Sovjetunionen fall i 1991 heldt Nyýazow på makta, og han vart dimed fyrste presidenten i landet.

I 1993 tok han tilnamnet Turkmenbasji som tyder «Leiar for alle turkmenarar» radt som Atatürk gjorde i Tyrkia. Den 29. desember 1999 vart han utnemnd til «president for livet» av dei (sokalla) lovgjevande styremaktene i Turkmenistan, men han har like fullt sagt at det skal haldast val i 2010.

Nyýazow har ein autoritær leiarstil, og var kjend for sjølvdyrkinga si. Han meinte at Turkmenistan ikkje hadde nokon nasjonal identitet, og har difor freista byggja landet i sitt bilete. Han gav byen Krasnovodsk ved Kaspihavet namnet Turkmenbasji etter seg sjølv, i tillegg til at fleire skular, lufthamner og jamvel ein meteoritt har fått namnet hans. Alle offentlege bygningar har store portrettbilete av han på veggene, og statuer av han sjølv og mora er spreidde over alt landet. Dei mest kjende statuene er den som er plassert midt i Karakum-ørkenen, og gullstatuen som er montert på ei skiva som gjer at han alltid ser mot sola. Han har ogso bode at det skal byggjast eit stort palass i Asjkhabad til minne om han.

Utdaningssystemet i Turkmenistan lærer alle unge turkmenarar at dei skal elska Turkmenbasji. Skriftene og talene hans er den viktigaste delen av innhaldet i lærebøkene. Den aller viktigaste teksta er «Ruhnama», Sjeleboka, eit nasjonalt epos skrive av Nyýazow. Alle bøker som vart skrivne i sovjettida er forbodne, og biblioteka har so å seia ingen andre bøker enn dei Nyýazow har skrive. I 2004 baud han at alle landsbybiblioteka i Turkmenistan skulle stengjast, for di han meinte at folk på den turkmenske landsbygda ikkje kunne lesa.

Andre ting Nyýazow har gjort for å få fram ein turkmensk kultur er å introdusera eit eige turkmensk alfabet til staden for det kyrilliske, definert dei ulike livsstadia, og gjeve dagane og månadene nye namn. Januar heiter no «Turkmenbasji», og april er oppkalla etter mor hans.

Nyýazow var kjend for å laga lover etter eigne innfall. Blant anna har ikkje menn på TV lov til å bruka sminke - dette fordi han hadde problem med å skilja menn og kvinner frå kvarandre på TV. Det er ikkje lov å nyta tobakk i Turkmenistan, fordi Nyýazow måtte slutta å røykja etter å ha vorte operert for kreft. Han la òg ned forbod mot langt hår, skjegg og gulltenner.

1. mars 2005 vedtok Nyýazow at alle sjukehus utanføre Asjkhabad skulle stengjast. Grunnen vart gjeven i ei tala dagen før: «Kvifor skal me øyda opp gode medisinske spesialistar på landsbyane når dei kan jobba i hovudstaden?»

Etter at det visstnok vart freista eit attentat mot han i 2002 vart mange arresterte for å vera konspiratørar eller deira familie. Kritikarar meiner at attentatet var planlagt for at Nyýazow skulle kunna kvitta seg med den politiske opposisjonen i landet.

Lekkjer[endre | endre wikiteksten]