Sapayoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sapayoa

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sapayoidae
Slekt: Sapayoa
Art: S. aenigma
Vitskapleg namn
Sapayoa aenigma
Hartert, 1903

Sapayoa (Sapayoa aenigma) er ein sporvefugl i underorden Tyranni funnen i låglandet i regnskogar i Panama og nordveste Sør-Amerika. Som epitetet aenigma ('enigma') ymtar om, har relasjonane til andre fugleartar lengje vore gåtefulle.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sapayoa er 15 cm lang, han er nær einsfarga oliven, men litt bleikare underside, litt gråleg på hale og venger og med litt gulskjær i strupen. Kjønna er like, men hannen har ein liten gul flekk øvst på hovudet. I habitus liknar han ein større, langhala breinebba hofugl av manakinar. Han er sjeldan til uvanleg i underskog, og favoriserer ravinar og små bekker.[1] Vanlegvis ser ein dei i par eller fleirartsflokkar. Dei kan drive fjørpleie i lange periodar, avbroten av flukt for å plukke frukt eller fange insekt. Dei tar insekt frå lauvverk eller i lufta med det flate, breie nebbet sitt på ein måte som minner om nokre tyrannar.[1] Andre aspekt av biologien for denne arten var enno ukjente så seint som i 2003.[2]

Fuglar av denne arten er lett å oversjå, men synast å vere vanleg i eit vidt utbreiingsområde, og IUCN reknar han ikkje som truga.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Sapayoa har alltid vore rekna som monotypisk i slekta Sapayoa, og har historisk vore klassifisert i underorden Tyranni. Spesifikt har han lenge vore plassert i manakinfamilien, Pipridae. Likevel blei arten oppført som incertae sedis, 'usikker plassering' i Sibley-Ahlquist-taksonomi, fordi

«førebels DNA-DNA hybridisering samanlikningar [...] indikerer at denne arten er anten ein slektning av breinebbar, Eurylaimidae, i den gamle verda, eller ei syster gruppe av alle andre Tyrannida, som føreslått av tidlegare biokjemiske studiar [...] I alle høve, han er ikkje ein nær slektning av manakinar eller nokre andre seinare tyrannoid.»[3]

Nyare forsking tyder på at det ikkje er ein suboscine i den nye verda i det heile, men ein suboscine i den gamle verda. I 2004 vart det vist at sapayoa ligg utanfor suboscine i den nye verda.[4] I ein tidlegare DNA-analyse, fann forfattarane Sapayoa

«som ei djup utgreining i gruppa av breinebbar og pittaer i tropane i den gamle verda.»[5]

Om så er, kan sapayoa vere den siste overlevande arten i den nye verda av ein avstamming som utvikla seg i regionen Australia og Ny-GuineaGondwana var i ferd med å splitte opp. Forfedrar til sapayoa kan hypotetisk ha nådd Sør-Amerika via den vestlege delen av Antarktis-halvøya.

I dag er sapayoa nokre gonger plassert i familien Eurylaimidae saman med breinebbar.[6] Andre førebelse plasseringar har vore i asitifamilien Philepittidae,[7] som elles berre finst på Madagaskar og nokre gonger er inkludert i breinebbfamilien.

Likevel er det slik at skilnadane mellom breinebbar og sapayoa funne i 2003-studien berre er litt mindre djupe enn mellom sapayoa og pittaer.[5] Det er òg mogleg, om usannsynleg, at dagens sapayoa jamvel er nærare pittaer enn å breinebbar. Følgjeleg er det gjort framlegg om å plassere sapayoa i sin eigen monotypisk familie Sapayoidae,[8] som det er gjort her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Sapayoa» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2011. Artikkelen gav følgjande referansar:

References[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ridgely & Tudor (1994): p.689, plate 46.
  2. Kemp & Sherley (2003)
  3. Sibley & Ahlquist (1990)
  4. Chesser (2004)
  5. 5,0 5,1 Fjeldså et al. (2003)
  6. E.g. Banks et al. (2008), Remsen et al. (2009)
  7. Kemp & Sherley (2003), men det er ikkje klårt om det var Kemp og Sherley eller Perrins som tok avgjersle om å inkludere Sapayoa i Philepittidae.
  8. T.d. Irestedt et al. (2006)