Sapir-Whorf-hypotesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sapir-Whorf-hypotesen, namngjeven etter antropologen Edward Sapir og studenten hans Benjamin Whorf, er den omdiskuterte lingvistiske hypotesen om at det er eit systematisk forhold mellom dei grammatiske kategoriane i språket ein snakkar, og korleis ein person både forstår verda og oppfører seg i ho. Eller; språk formar tanke. Hypotesen er nært kopla til Whorf sitt prinsipp om lingvistisk relativisme.

Sapir og Whorf var særskild opptatte av indianske språk, og dei meinte at desse språka har ein struktur som er heilt forskjellig frå dei indoeuropeiske språka sin struktur. Dei hevda at denne forskjellen også fører til ei radikalt annleis verkelegheitsoppfatting hjå dei som snakkar indianske språk.

Ideen blei først lagt fram av Sapir i 1929, men han blei først utbreidd på 1950-talet, etter hans død. Sapir–Whorf-hypotesen blei kraftig angripen av tilhengjarar av Noam Chomsky i dei påfølgjande tiåra. Seinare har hypotesen fått ei sterk og ei svak tolking, der den sterke hevder at språk er den viktigaste faktoren som påverkar tankane, medan den svake hevder at det har ein viss innverknad, men ikkje er den største faktoren. Den svake forma av hypotesen er mest utbreidd i dag, medan den sterke nesten er utdøydd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen som har med antropologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.