Saponin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I biokjemien er saponin ei undergruppe av glykosida, det vil seie emne med to distinkte kjemiske delar der den eine er ein sukkerart og den andre ein annan type substans.

Saponina liknar glykosida kjemisk, men har eigenskapen at dei skummar i vatn. Namnet saponin kjem frå latin «sapo», som tyder «vaske». Saponin kan vere årsak til hemolyse ved kontakt med blod og kan derfor vere giftige. På grunn av denne effekten har saponina historisk vore brukte som pilegifter, då den giftige verknaden berre kjem ved injeksjon. Ved inntak gjennom munnen vert saponinet hydrolysert på same måte som glykosidet. Dei finst mest i frukter som forsvarsmekanisme, men kan finnast i heile planta i varierande mengd. Potetbær er giftige grunna innhaldet av saponin.

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

  • Ginseng (Panax ginseng), den kanskje mest kjende medisinplanta i notida, inneheld saponin som verksame emne.
  • Saponina vert brukt for slimhinnene og som slimløysar i naturmedisinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]