Zaporozje-kosakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saporosjarkosakkane)
Avbilding av ein zaporozje-kosakk frå 1587.
Zaporozje-kosakkar skildra av Ilja Repin i måleriet Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen (1880, Det russiske museum, Sankt Petersburg)

Zaporozje-kosakkar, eller berre zaporozjarar (ukrainsk Запорожці Zaporozjtsi, polsk Kozacy zaporoscy) var ukrainske kosakkar som budde på andre sida av stryka ved Dnepr, området som vart kalla Dei store engene i Sentral-Ukraina. I dag er det meste av dette området underlagt vatn av Kakhovkareservoaret.

Zaporozjisk Sitsj voks raskt på 1400-talet då liveigne bønder flykta frå meir kontrollerte delar av Det polsk-litauiske samveldet[1] og oppretta ei politisk eining med eit parlamentarisk system som styre. Frå 1500- til 1700-talet vart zaporozje-kosakkane ein sterk politisk og militær styrke som utfordra styresmaktene i Polen-Litauen, tsardømet Russland, Det osmanske riket og den osmanske vasallstaten Krim-khanatet. Hæren gjekk gjennom ei rekkje konfliktar og alliansar med dei tre maktene før dei fall under det russiske makta og til slutt vart oppløyst med tvang seint på 1700-talet av Det russiske imperiet. Det meste av folkesetnaden vart flytta til Kuban-området sør i Det russiske imperiet. Kosakkane spelte der ei viktig rolle i å forsvare imperiet mot aggressive kaukasiske folk og til gjengjeld fekk dei mykje fridom av tsarane.

Namnet Zaporozje kjem av plasseringa til festninga deira i Zaporozjzjija, som tyder «landet på andre sida av stryka».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Zaporozje-kosakkar