Sara Algotsson Ostholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sara Algotsson Ostholt på Wega

Sara Anneli Algotsson Ostholt (fødd 8. desember 1974) i er ein svensk ryttar som tevlar i feltritt på internasjonalt nivå.[1]

Algotsson Ostholt deltok i OL i Aten 2004 med hesten Robin des Bois. Ekvipasjen enda opp på ein 34. plass i feltritt. Under Sommar-OL 2012 i London tok Sara Algotsson Ostholt individuelt sølv i feltritt på Wega, ei skimmel hoppe som er av rasen svensk varmblods ridehest.[2] Ho var også med på det svenske landslaget i feltritt som kom på fjerdeplass under OL i London.

Sara Algotsson Ostholt er yngre syster til ryttaren Linda Algotsson.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sara Algotsson Ostholt London2012.com, 31. juli 2012
  2. Svensk gull glapp på siste hinder NRK, 31. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]