Sara Lidman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sara Lidman (30. desember 192317. juni 2004) var ein svensk forfattar frå Missenträsk i Västerbotten.

Sara Lidman har sidan 1953 skrive nitten romanar, som gjennomgåande vert prega av tema og historier om solidaritet og sosiale motsetningar. Forteljingane utspelar seg ofte i Västerbotten på siste delen av 1800-talet og fyrst på 1900-talet, då store endringar påverka dei små samfunna. Med romanserien Jernbanan, som skildrar moderniseringa av det nordlege Sverige, fekk Lidman seg ein plass mellom dei fremste samtidsforfattarane i Sverige. Det er bøkene Din tjänare hör, Vredens barn, Nabots sten, Den underbare mannen, Järnkronan, Lifsens rot og Oskuldens minut som utgjer romanserien Jernbanan, alle er omsette til norsk av Ivar Eskeland og Jo Ørjasæter.

Lidman var heile sitt liv ein flittig agitator og debattør. Gjennom bøker og talar let ho si røyst verte høyrd, frå Vietnamkrigen til protestane mot USA's invasjon i Irak. Ho døydde i Umeå) i 2004.

Sara Lidman var 1955-1963 medlem av Samfundet De Nio på stol nr 8.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]


  • 1978 Heidersdoktor ved Umeå universitet
  • 1999 Tildelt professortittel ved Umeå universitet

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker publisert på Albert Bonniers förlag:

  • 1953 Tjärdalen, roman
  • 1955 Hjortronlandet, roman
På norsk:
1956 Multelandet, omsett av Peter Magnus (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1958 Regnspiran, roman
På norsk:
1959 Linda, omsett av Ivar Eskeland (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1960 Bära mistel, roman
På norsk:
1961 Mistelteinen, omsett av Inger Hagerup (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1961 Jag och min son, roman
På norsk:
1962 Jeg og min sønn, omsett av Inger Hagerup (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1963 Jag och min son, roman, bearbeidd versjon
  • 1964 Med fem diamanter, roman
  • 1966 Samtal i Hanoi, reportasje
På norsk:
1966 Rapport fra Hanoi, omsett av Anders Bye (Pax forlag, Oslo)
  • 1968 Gruva. Bild Odd Uhrbom, intervjubok
  • 1969 Gruva. Bild Odd Uhrbom, utvida versjon
På norsk:
1969 Gruve (Pax forlag, Oslo)
  • 1969 Vänner och u-vänner, artikelutval
  • 1970 Marta Marta, skodespel
På norsk:
1971 Marta, Marta og andre tekster, omsett av Finn Gustavsen (Pax forlag, Oslo)
  • 1977 Din tjänare hör, roman
På norsk:
1978 Din tjener hører, omsett av Ivar Eskeland (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1979 Vredens barn, roman
På norsk:
1980 Vredens barn, omsett av Ivar Eskeland (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1980 Varje löv är ett öga, artikelutval
  • 1981 Nabots sten, roman
På norsk:
1982 Nabots sten, omsett av Ivar Eskeland (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1983 Den underbare mannen, roman
På norsk:
1984 Den vidunderlige mannen, omsett av Ivar Eskeland (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1985 Järnkronan, roman
På norsk:
1987 Jernkronen, omsett av Ivar Eskeland (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1988 ...och trädet svarade, artikelutval
  • 1996 Lifsens rot, roman
På norsk:
1997 Livsens rot, omsett av Jo Ørjasæter (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1999 Oskuldens minut, roman
På norsk:
2000 Uskyldens øyeblikk, omsett av Jo Ørjasæter (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 2003 Kropp och skäl

Publisert i samarbeid med DFFG-Ordfronts förlag:

  • 1972 Fåglarna i Nam Dinh , artiklar om Vietnam