Sara Skjoldnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara Skjoldnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1991 (33 år)
Skien kommune
Yrke modell
Ektefelle Ben Adams

Sara Skjoldnes er ein norsk modell, tidlegare noregsmeister i nanbudo og vinnar av Frøken Norge.[1]

Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

16. januar 2013 annonserte Norsk rikskringkasting (NRK) at Skjoldnes var ein av låtskrivarane i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2013.[2] Saman med Ben Adams og Julie Bergan skreiv ho songen «Give A Little Something Back».[3] Bergan framførte songen i tevlinga, men gjekk ikkje vidare til finalen.[4]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Skjoldnes er gift med den britiske songaren Ben Adams.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryne, Silje (29. mars 2009). «- Jeg hadde kanskje trengt å oppleve litt motgang» (på norsk). Dagbladet. Henta 20. januar 2013. 
  2. Enlid, Vegard (16. januar 2013). «Disse spiller i Steinkjer». Adressa (på norsk). Henta 20. januar 2013. 
  3. Carr, Kirsti (19. januar 2013). «Forhåndsfavoritt i MGP» (på norsk). Telemarksavisa. Henta 20. januar 2013. 
  4. «Bare menn gikk videre i MGP-delfinalen» (på norsk). Verdens Gang. 19. januar 2013. Henta 20. januar 2013. 
  5. AS, TV 2 (15. juli 2022). «Stjerneparet har giftet seg». TV 2 (på norsk). Henta 13. august 2023.