Sarah Bernhardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarah Bernhardt

Sarah Bernhardt i 1880.
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 23. oktober 1844
Paris
Død

26. mars 1923 (78 år)
Paris, 17. arrondissement

Yrke teaterskodespelar, filmskodespelar, dansar, skribent, skodespelar
Språk fransk, engelsk
Religion katolisisme
Far Edouard Bernhardt
Mor Judith-Julie Bernardt
Ektefelle Jacques Damala
Partnar Samuel Pozzi
Sarah Bernhardt på Commons

Sarah Bernhardt (22. oktober 184426. mars 1923), døypt Sara-Marie-Henriette Rosine Bernard, var ein fransk skodespelar, ein av dei best kjende teaterskodespelarane gjennom tidene. Bernhardt spelte særleg i tragediar, og blei kjend då ho var engasjert for Comédie Française. Ho leidde også eigne teaterkompani. Bernhardt spelte på scenar over heile verda gjennom ein 60 år lang karriere, og deltok også i tidleg stumfilm. For tolkingar av Phèdre og Hernani fekk ho kallenamnet «la Divine Sarah», 'den guddommelege Sarah'.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bernhardt som Jeanne d'Arc på ein teaterplakat i art nouveau-stil.
Sarah Bernhardt måla av Jules Bastien-Lepage i 1879.
Bernhardt som Kleopatra. Måleri av Georges Clairin frå rundt 1900.

Sarah Bernhardt var fødd utanfor ekteskap av Julie Bernard, ei nederlandsk kurtisane av jødisk opphav som hadde slått seg ned i Paris. Då mora ikkje kunne ta seg av henne, budde ho først på eit pensjonat og seinare på ein klosterskule. Sarah skal ha ønska å bli nonne, men ein elskar av mora, grev Charles de Morny, bestemte at ho skulle bli skodespelar og fekk henne inn ved dramaskulen Conservatoire de Musique et Déclamation.

I 1862 debuterte ho ved Comédie-Française, men fekk lita merksemd og måtte slutta eitt år seinare etter å ha fika til ein leiande skodespelar. I staden spelte Bernhardt ved Théâtre du Gymnase-Dramatique. Ho hadde eit tilhøve til belgiske prins Henri de Ligne, som ho fekk sitt einaste barn, Maurice, med i 1864. Ho gifta seg med skodespelaren Jacques Damala i 1882, men dei levde ikkje lenge saman.

Frå 1866 gjekk Bernhardt inn ein fruktbar seksårsperiode med Odéon-teateret. Den første suksessen hennar kom som Anna Damby i Kean (1868, av Dumas d.e.). Ein annan lovprist rolle var Zanetto i Le Passant (1869, av François Coppée), som ho spelte oppatt for keisar Napoleon III. Sarah Bernhardt spelte også Shakespeare og Hugo ved Odéon. Under den fransk-prøyssiske krigen i 1870 laga ho til eit militærsjukehus ved teateret.

Sarah Bernhardt måla av Louise Abbema i 1875.

I 1872 var Bernhardt tilbake ved Comédie-Française, der ho overtydde kritikarane med Phèdre (1874, av Racine). Tolkinga hennar av Hugo-stykket Hernani (1877) skal ha fått forfattaren sjølv på gråten. Med ei annan overtydande tolking av Phédre då teateret i London voks Bernhardt sitt internasjonale ry. I tillegg til eit uttrykksfullt spel med eit rikt kjensleregister, ein «gylden» eller «sølvaktig», klar stemme, eleganse, venleik og karisma på scenen, gjorde Bernhardt seg også kjend gjennom eigenreklame og ukonvensjonell oppførsel utanfor scenen. Gjennom livet var ho nære venner med forfattaren Victor Hugo, skodespelaren Lou Tellegen, kunstnarane Louise Abbéma, Gustave Doré og Georges Clairin. Ifølge ulike rykte hadde ho romantiske tilhøve til nokre av desse og til prinsen av Wales, den framtidige Edvard VII av Storbritannia. Ho inspirerte også art nouveau-kunstnarar som Alphonse Mucha og Antonio de La Gandara.

Bernhardt grunnla sitt eige teaterkompani i 1880, og reiste på turnear i Europa, Amerika og Australia. I tillegg til rolla som Phèdre blei ho vidkjend for tolkingane sine av Kameliadamen og Adrienne Lecouvreur. Bernhardt spelte også ei rekke mannlege hovudrollar, der Hamlet og L'Aiglon (1900, av Edmond Rostand) var dei best kjende.

Forfattaren og regissøren Victorien Sardou skreiv fleire stykke for Bernhardt—Fédora (1882), Thédora (1884), La Tosca (1887) og Cléopâtre (1890). I desse melodramatiske stykka fekk Sardou henne til å bruka ein meir prangande stil både når det galdt spel og kostyme.

I 1893 blei Bernhardt leiar for Théâtre de la Renaissance og i 1899 for det titdlegare Théâtre des Nations, som ho gav namnet Théâtre Sarah Bernhardt og styrte fram til ho døydde i 1923. Det er no kjend som Théâtre de la Ville i Paris.

Sarah Bernhardt hadde skadd foten under ei førestilling og måtte amputera han i 1915. Trass i dette vitja ho soldatar ved fronten under første verdskrigen, reisande i ein berestol, og reiste seinare på turnear der ho spelte fleire roller sitjande. I tillegg til teater meistra Bernhardt skulptur og målarkunst. Ho skreiv også dikt, skodespel og gav ut fleire bøker, mellom dei ein roman, eit essay om skodespel og ein sjølvbiografi.

I 1914 blei ho medlem av Æreslegionen.

Sarah Bernhardt døydde av uremi i 1923, pleia av sonen Maurice Bernhardt. Ho er gravlagd i Père Lachaise gravlund i Paris.

Kake[endre | endre wikiteksten]

I 1883 gjesta Sarah Bernhardt Københamn med oppsettinga Froufrou der ho fekk smake himmelske sjokoladesmåkaker. Sjølvbiografien hennar kom på dansk i 1911 og den danske Chef Johannes Steen kalte ei småkake med sjokolademousse på ein mandelmarengs med sjokoladetrekk opp etter henne.[1]

Namnet på denne småkaka er ofte skrive «Sarah Bernhard» utan t eller «Sarah Bernard» utan h og t.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sarah Bernhardt», Andersen’s Danish Bakery & Restaurant (på engelsk), 18. mars 2020, henta 25. januar 2022 
  • «Bernhardt, Sarah», Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica Online), 2009 
  • Philip's (2008), «Bernhardt, Sarah», World Encyclopedia (Oxford University Press) 
  • Phyllis Hartnoll og Peter Found, red. (1996), «Bernhardt, Sarah (-Marie-Henriette)», The Concise Oxford Companion to the Theatre (Oxford University Press) 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sarah Bernhardt
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Sarah Bernhardt