Saraiki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siraiki
(ਸਰਾਇਕੀ, سراییکی)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Nordvestre sone
Bruk
Område: Panjab, Sind, Khyber Pakhtunkhwa
Siraikitalande i alt: ca. 13 820 000[1]
Skriftsystem: Devanagari, gurmukhi, persisk
Språkkodar
ISO 639-2: inc
ISO 639-3: skr

Saraiki, seraiki eller siraiki er eit indoarisk språk tala i sørlege Panjab i Pakistan, tilstøytande område i Sind og sørlege delar av Khyber Pakhtunkhwa. Språket er ei overgangsform mellom sindhi og panjabi, men står nærare panjabi, og blir ofte rekna som ein dialekt av panjabi. Det har rundt 14 millionar talarar.

Saraiki er det andre store språket i Panjab. Det har eit kjerneområde rundt byane Multan og Bahawalpur, og dialektar av språket herfrå har namna multani og bahawalpuri. Det blir også talt i utvandrarmiljø i India, Storbritannia og andre land, som Noreg.

Det finst litteratur på saraiki frå 1700-talet, som sufidikting. I dagens Pakistan blir det gjeve ut ein del bøker og tidsskrift på språket, og det blir arbeidd aktivt for å få offentleg godkjenning av språket i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]