Sarayaku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bananbloming i Puyo
Foto: Martin Zeise
Bru over Pastazaelva mellom Puyo og Macas
Foto: André Hübner

Sarayaku (kichwa for 'maiselva') er eit territorium og ein landsby ved elva Bobonaza i Pastazaprovinsen i sørlege Amazonasregionen i Ecuador. Territoriet samlar fleire små landsbyar og har ein total busetnad på mellom eit og to tusen quechuaer som kallar seg kichwafolket i Sarayaku eller sarayakufolket. Dei er organisert i «Organización de Pueblos Indígenas de Pastaza», OPIP. Leiar av sarayakufolket er Hilda Santi (mai 2005).

Sarayaku ligg i tropisk regnskog, det tar ca 30 minutt med fly eller to døger med kano i retning søraust frå næraste by Puyo til Sarayaku. Puyo ligg berre 50 km aust for den meir kjente byen Baños. Elva Bobonaza drenerer ned til Amazonaselva ved Iquitos i Peru, via Pastazaelva og Marañónelva.

Folket i territoriet har i dei seinare år tatt opp turisme som leveveg. Dei prøver å ta vare på sin eigenart også som eit middel i turistnæringa. Etter ein skipingsprosess over fleire år, starta det første semesteret med universitetsstudiar i Sarayaku hausten 2003. Tilbodet kom i stand etter eit samarbeid med universiteta i Cuenca og i Lérida (Catalonia). Føremålet med universitetstilbodet i Sarayaku er å høgne kvaliteten på fleirkulturell og fleirspråkleg utdanning i indianarsamfunn i Pastazaprovinsen. Gjennom dette vil dei òg utvikle eigne undervisningskrefter, vitalisere gamal kunne om filosofi, indiansk kosmosvisjon, og kulturell identitet og tradisjonar.

Eit sjølvstyre for det dei kallar «Tayjasaruta», på engelsk «Autonomous Territory of the Original Kichwa Nation of Sarayaku» er proklamert i samband med at det argentinske oljeselskapet CGC fekk løyve til å leite etter petroleum med seismiske undersøkingar. Petroleumsverksemda er sterkt ønskt av den sentrale regjeringa i Quito, fordi økonomien i landet er avhengig av inntekter frå råoljeeksport for å betale statsgjeld. For å stoppe motstanden mot verksemda frå sarayakufolket sette regjeringa inn føderale soldatar i Sarayaku og stengde Bobonazaelva som ferdselsveg.

Striden har fått ei rikeleg merksemd i internasjonale media.[1] Han er eit klassisk døme på kamp om rettar til land mellom urfolk og nasjonale styresmakter. Sarayakufolket klagar oljeselskapa for freistnad på etnisk mord fordi verksemda åt selskapa etter folket sitt syn vil øydeleggje eksistensgrunnlaget, både økonomisk, kulturelt, ernæringsmessig, økologisk og åndeleg og ho undergrev sosial likevekt i samfunnet. Dei hevdar at oljeverksemda er den største trusselen mot universitetstilbodet som nyst er skipa i Sarayaku.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå til dømes [1] Arkivert 2008-05-17 ved Wayback Machine..