Sardin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sardin |
||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Actinopterygii | |
| Orden: | Clupeiformes | |
| Familie: | Clupeidae | |
| Slekt: | Sardina | |
| Vitskapleg namn | ||
| Sardina pichardus
Walbaum, 1792
|
||
Sardin er ein litan sildefisk som lever i store stimar ved Europakysten nord til sørlege delar av Nordsjøen. Arten er særs viktig for fisket i Sør-Europa der det årleg vert fanga 300-400 000 tonn i året, hovudsakleg til hermetikk.
I norske farvatn førekjem sardina sporadisk ved nordsjøkysten, men er ikkje vidare vanleg.
[endre] Kjenneteikn
Sardina liknar mykje på sild, men har 3-5 beinstripar nedst på gjellelokket. Skjela er dessutan større og sit lausare fest til huda. Ryggen er grønaktig i motsetnad til blå som hjå silda, og rett bak gjellelokka har dei oftast ein mørk flekk.
Sardiner er små fisk som sjeldan vert større enn 20 centimeter.
[endre] Levesett
Sardina er ein stimfisk som oftast er å finna høgt oppe i vassmassane. Dei trivst best på 25-55 meters djupn om dagen og noko grunnare om natta, men kan påtreffast heilt ned til 100 m. Som så mange andre sildefisk et ho hovudsakleg små planktonkreps, men òg fiskeegg og -larvar.
Sardiner ved Nord-Europa-kysten gyter to gongar i året, om våren og hausten. Hoene produserar 50 000-60 000 egg som dei slepp ut i dei frie vassmassane. Dei 4 millimeter lange larvane klekkast etter om lag tre døger, og veks fort dei første par åra. Når fisken vert kjønnsmogen er han vanlegvis opp mot 20 centimeter.
Bestanden i Middelhavet kan gyta heile året.
[endre] Kjelder
- Hamre, Johannes & Gjøsæter, Harald: «Sardin» i Norges dyr - fiskene 2 (Cappelen 1992)
- FishBase