Sari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For byen, sjå Sari i Iran.
Døme på ulike saristilar

Sari er namnet på eit langt klesstykke brukt som drakt av kvinner frå Sør-Asia, særleg India. Til drakta bruker ein i dag gjerne ein tettsitjande bluse, tsjoli, og eit underskjørt, men det er også mogleg å gå utan. Sari er både eit fest- og kvardagsplagg, og finst i ei rekkje ulike tekstilypar og prisklassar.

Skildring

Nyvaska sariar lagt ut til tørk.

Sjølve sarien er eit tøystykke som vanlegvis er mellom 1 og 1,25 meter breitt og rundt 5,5 meter (6 yards) eller 8,2 meter (9 yards) langt. Tradisjonelt blei sariar laga av silke eller bomull. I dag finst dei òg i ei rekkje kunststoff, særleg lette stoff som chiffon og viskose. Mange former for mønster er vanleg, både vovne inn i stoffet, påtrykt og brodert. Ofte vil tsjolien vera av same stoff som sarien, eller i ein matchande farge.

Dansarar i Mysore med bukseaktige sariar.

Ein tek på seg sarien ved å festa han rundt livet, anten i eit underskjørt eller med ein knute. Deretter blir tøystykket vikla ein gong rundt livet og som oftast bretta i faldar som ein fester, gjerne framme i livet. Resten av tøyet fører ein over eine skuldra slik at brystet og delar av ryggen blir dekt. Endestykket blir kalla pallu, og blir nokre gonger brukt til å dekka hovudet. Palluen kan også førast ned att til livet og festast der, eller brukast over andre skuldra. I nokre stilar, til dømes i samband med arbeid eller dansing, fører ein også ein del av sarien mellom beina og fester han, slik at nederdelen blir meir bukseaktig.

Biletdøme

Stilar

Det har utvikla seg eit utal ulike måtar å festa sarien på i ulike regionar, folkegrupper og kastar i Sør-Asia. Den vanlegaste stilen i moderne tid er kjend som nivi, og feser nederdelen som eit skjørt med faldar framme ved livet og har palluen hengjande nedover ryggen.

Gujarat-stilen skil seg ut frå nivi-stilen ved at ein fører palluen opp bak ryggen og deretter lèt han hengja ned over brystet. Bengalstilen ender òg med palluen framme, men har færre, større faldar. Den gamle Mysore-stilen har derimot iaugefallande faldar framme som rekk forbi føtene. I den tamilske sarien festar ein gjerne palluen nede att i livet.

Biletdøme

Brukshøve

For mange sørasiatiske kvinner er sari kvardagsantrekk, og blir brukt som arbeidsklede. For andre blir han berre brukt ved særskilde høve. Slike høve kan vera bryllaup, høgtider, seremoniar og festar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sari