Sark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sèr
Sercq
Sark
Det e flagget
Det e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av Sark
Offisielle språk engelsk, fransk
Hovudstad La Seigneurie[1]
Styresett
Seigneur

John Michael Beaumont
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
5,45 km²
Status Del av Bailiwick of Guernsey
(Kroneigedom under Storbritannia)
Gjeven som len til Hellier de Carteret 1545
Valuta Britisk pund
Tidssone GMT
Nasjonalsong «God Save The Queen»
Internasjonal telefonkode +44 (0)1481

Sark (fransk Sercq, sercquiais Sèr) er ei lita øy sørvest i Den engelske kanalen. Ho er ei av Kanaløyane og høyrer til Bailiwick of Guernsey og er slik ein britisk kroneigedom. Øya har kring 600 innbyggjarar. Hovudnæringa er turisme, handverk og finans. Sark har eit areal på 5 45 km²[2] og var det siste europeiske området som avskaffa føydalismen, i 2008.

Sark består av to hovuddelar, Greater Sark, og Little Sark i sør. Dei er knytte til kvarandre med eit smalt eid, La Coupée, som er 90 meter langt og har eit bratt fall på 100 meter på kvar side.[3]. Det vart sett opp rekkverk i 1900. Før dette måtte born krype over for å ikkje blese utfor kanten. Det går ein smal betongveg over eidet, bygd av tyske kringsfangar i 1945.

La Coupée er eit smalt eid mellom Greater og Little Sark

Det høgaste punktet på Sark er 114 meter over havet.[3] Det står ei vindmølle frå 1571 på dette punktet, men segla vart fjerna under den første verdskrigen. Dette er òg det høgaste punktet i heile Bailiwick of Guernsey.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sark

Koordinatar: 49°25′59″N 2°21′39″W

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bustaden til leiaren. Sark har ikkje hovudstad
  2. http://www.sark.info/index.cfm?fuseaction=gov.content&cmid=552
  3. 3,0 3,1 http://www.islandlife.org/sark.htm