Sarno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domkyrkja i Sarno er vigd erkeengelen Mikael

Sarno er ein by og ein kommune i provinsen Salerno i regionen Campania i Italia. Kommunen har 31 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 40 km². Byen ligg ved foten av Appenninane, 30 meter over havet, og 20 kilometer nordaust for provinshovudstaden Salerno. Elva Sarno har sine kjelder i nærleiken av byen Sarno, ei elv som gjennom ein kanal renn ut i Middelhavet ved Pompeii.

Næringslivet i Sarno er mykje basert på produksjon av papir, bomull, silke, lin og hamp.

Den 5. mai 1998 omkom 161 menneske i eit jordskjelv som råka Sarno og delar av grannekommunane Quindici, Siano og Bracigliano.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]