Sarov

Koordinatar: 54°56′00″N 43°19′00″E / 54.93333°N 43.31667°E / 54.93333; 43.31667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarov
Саров
Horisonten til Sarov
Horisonten til Sarov
Byåpenet til Sarov
Byvåpenet til Sarov


Plassering
Sarov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Grunnlagd
Bystatus
1939
1939
Borgarmeister Valeri Dimitrov
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)

87 800
Koordinatar 54°56′00″N 43°19′00″E / 54.93333°N 43.31667°E / 54.93333; 43.31667
Høgd over havet 140 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 607180–607190
Retningsnummer (tlf) (+7)83130
Nettstad: www.adm.sarov.ru

Sarov (russisk Саро́в) er ein lukka by i Nizjegorod oblast i Russland. med om lag 90 000 innbyggjarar.

Byen var kjent som Arzamas-16 (russisk: Арзама́с-16) frå 1946 til 1991. Mellom 1991 og 1995 vart han kalla Kremljov (russisk: Кремлёв). Byen er det russiske senteret for utvikling av atomvåpen. Ein stor del av byen ligg i det nærliggande Temnikovskij-distriktet i Mordovia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sarov si historie kan delast inn i to totalt forskjellige periodar. I den tidlege historia til Russland var byen kjent som ein heilag stad i ortodoks kristendom, med eit kloster som gav Russland ein av sine største helgenar, St. Serafim. Etter den andre verdskrigen har byen vorte Sovjetunionen og seinare Russland sitt senter for utvikling og produksjon av atomvåpen.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Sarov si historie starta på 1100- og 1200-talet, då ein stor mordvinsk busetnad vart grunnlagd på staden. I 1298 vart byen overteke av tatarar.

Byen fekk det opphavlege namnet sitt sidan han låg ved Sarova kloster ved elva Sarovka. Vatnet i elva vart rekna for å ha ei lækjande kraft. I 1664 busette munken Theodosius seg på Sarovfjellet. Den første kyrkja i busetnaden Sarov vart grunnlagt i 1706. Sankt Serafim budde i Sarov frå 1778 til 1833. I 1903 vart byen vitja av den russiske tsar-familien. På den tida hadde byen ni kyrkjer, inkludert ei underjordisk. Omtrent 320 munker budde i klosteret.

I 1923 vart klosteret stengt av bolsjevikane og munkane vart utsett for undertrykking og mange vart avretta. Under den andre verdskrigen vart klosterbygningane nytta som fabrikkar for produksjon av rakettar til BM-13 «Katyusha» rakettkastarar.

Arzamas-16[endre | endre wikiteksten]

I 1946 vart «Det all-russiske vitskapelege forskingsinstitutt for eksperimentell fysikk» bygt. Dette var eit anlegg for utvikling av atomvåpen, som skulle verte kjent i Vesten under akronymet VNIIEF. Byen vart først kalla Arzamas-75, fordi han ligg 75 km frå Arzamas. Men sidan dette namnet vart rekna for å gje for mykje informasjon om plasseringa, så fekk byen et nytt kodenamn, Arzamas-16 og vart fjernet frå alle offentlege kart. Arzamas-16 fekk bystatus i 1954.

I 1993 vart Sarov venskapsby med den amerikanske byen Los Alamos i New Mexico, staden der USA sitt laboratorium for utvikling av atomvåpen ligg (Los Alamos National Laboratory, eller LANL). Forskarar frå LANL og VNIIEF har samarbeidd i samband med fleire våpenkontroll og nuclear safeguards-program.

Boris Jeltsin endra i august 1995 namnet på byen tilbake til Sarov, etter ønske frå innbyggjarane i byen.

Dagens Sarov[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av byen vart bygt av tyske krigsfangar og arkitekturen har eit definitivt tysk/europeisk preg. Byen husar «Den russiske føderasjonens kjernefysiske senter» og eit «atombombe-museum» som har fleire utvendige behaldarar til atomvåpen frå sovjettida og fotografi av dei som var involvert i produksjonen. Tilgang til byen skjer som regel med tog, som etter ein stopp for tryggleiksinspeksjon får køyre inn i byen for å sleppe av passasjerane sine. Ein mindre flyplass på området er stort sett berre for fly frå dei russiske styresmaktene og vitjande flyr vanlegvis til lufthamna i Nizjegorod og køyrer dei tre timane til Sarov.

Byen er omringa av gjerde som vert patruljert av militære. Utlendingar, samt russarar som ikkje bur i Sarov, får ikkje gå inn i byen utan løyve. Utlendingar på vitjing i samband med forretningar må overgje passa sine, telefonar og kamera til tryggingsstyrkane medan dei er på anlegget. Enkelte dokumentarfilmprodusentar har likevel klart å filme innanfor bymurane.

I dag er Det russiske føderale kjernefysiske senter ansvarleg for viktige avgjersler om utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjernefysiske våpen, samt resirkulering av radioaktive og andre material og forsking innan grunnleggande og praktisk fysikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]