Sarpsborg 08 Fotballforening
| Fullt namn | Sarpsborg 08 Fotballforening | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Blåhvitt, 08 | ||
| Kort namn | Sarpsborg 08 | ||
| Grunnlagd | 15. januar 2008 | ||
| Heimebane | Sarpsborg stadion (kapasitet: 4 930) |
||
| Styreleiar | |||
| Hovudtrenar | Brian Deane | ||
| Liga | Tippeligaen | ||
|
|
|||
Sarpsborg 08 Fotballforening er ein fotballklubb frå Sarpsborg. Klubben spelar denne sesongen i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Brian Deane.
Dei rykka for første gong i 2011 opp i Tippeligaen etter å ha rykt opp frå 1. divisjon i 2010. Klubben er ein samarbeidsklubb for Sarpsborg-distriktet og overtok plassen til FK Sparta Sarpsborg i 1. divisjon før 2008-sesongen. Klubben sin supporterklubb heiter Fossefallet.
Innhaldsliste |
Noverande tropp [endre]
- Oppdatert 8. mai 2013
Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.
|
|
Historie [endre]
Fotballen i Sarpsborg-distriktet har historie heilt tilbake til 1903, då Sarpsborg FK blei stifta. Sarpsborg FK og Sparta har til saman vunne 7 cupmeisterskap, men det siste kom så langt tilbake som 1952. I perioden mellom 1974 og 2010 har ikkje Sarpsborg hatt noko lag i den øvste divisjonen i norsk fotball. I 1999 starta derfor alle dei 16 fotballklubbane i Sarpsborg-distriktet eit samarbeid med arbeidstittelen "Klubben 2000".[1][2] Målet var å skaffe eit best mogleg fotballag i distriktet. Det varte likevel heilt til 2007/2008 før samarbeidsklubben fann den noverande forma sin.
I 2010 rykte klubben opp til Tippeligaen for første gong. I 2011 vart budsjettet auka til ca. 20 millionar kroner, men er likevel klart lågast i Tippeligaen.[3] Fire nye spelarar blei henta inn før sesongstart: Joacim Heier, Jo Nymo Matland, Erik Jonvik og Glenn Roberts.
SAMS [endre]
Ei av hovudårsakene til at det har vore mogleg å etablere ein toppklubb i Sarpsborg, er det formelle samarbeidet som skjer gjennom SAMS - Sammen for Sarpsborg. SAMS er eit spelarutviklingsprosjekt som omfattar 16 av klubbane i distriktet. Berre Greåker IF har valt å stå utanfor samarbeidet. Dei 16 klubbane som inngår i samarbeidet er
- Sarpsborg 08
- Sarpsborg Fotballklubb
- Fotballklubben Sparta Sarpsborg
- Idrettslaget Borgar
- Tveter IL
- Tune IL
- Lande IF
- Yven Idrettsforening
- Varteig Idrettslag
- Ise Sportsklubb
- Borgen Idrettslag
- Ullerøy IL
- Hafslund IF
- Skjeberg Sportsklubb
- Navestad IF
- Nygårdshaugen IL
Fotnotar [endre]
- ↑ Her startet fotballsamarbeidet i 1999 - møtereferat frå første møte i samarbeidet 22. mars 1999
- ↑ Uenige spartanere - Sarpsborg Arbeiderblad 6. januar 2000
- ↑ Over halvparten av eliteserieklubbene øker budsjettet - VG 27. januar 2011
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad
- Fossefallet supporterklubb
- Sarpsborg Arbeiderblad si samleside om Sarpsborg 08
- Sarpefans.no, supporterblogg
- SAMS
-
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.
|
|
|
|---|---|
| Lag | Brann · Haugesund · Hønefoss · Lillestrøm · Molde · Odd · Rosenborg · Sandnes Ulf · Sarpsborg 08 · Sogndal · Start · Strømsgodset · Tromsø · Viking · Vålerenga · Aalesund |
| Serierundar | 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · Kvalifisering |
| Lagartiklar for 2013 | Brann · Haugesund · Hønefoss · Lillestrøm · Molde · Odd · Rosenborg · Sandnes Ulf · Sarpsborg 08 · Sogndal · Start · Strømsgodset · Tromsø · Viking · Vålerenga · Aalesund |