Sarrusofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sarrusophone.jpg

Sarrusofon er eit treblåseinstrument, ei oppfinning av Pierre-Louis Gautrot i 1856 for å kunne konkurrere med saksofonen og som ei erstatning for oboar og fagottar i musikkorps. Han var så lik saksofonen at Adolphe Sax ved fleire høve melde Sarrus til styresmaktene for brot på opphavsrettane. Instrumentet har fått namnet sitt etter den franske korpsleiaren Pierre Auguste Sarrus, som var opphavet til idéen bak instrumentet.

Sarrusofonen finst i mange størrelsar, frå sopranino med grunntone ess1 til subkontrabass med grunntone Bb2. Den vert notert i G-nøkkel som transponerande instrument. Dei to minste instrumenta er rette og kan minne om ein trong sopransaksofon. Dei større utgåvene har bøygar og form omtrent som ein ophicleide. Sarrussofonen er laga av metall og vert spelt med dobbelt røyrblad-munnstykke, som ein fagott. Han har klaffar, og fingringa liknar den på saksofonen.

Sarrussofonen er i dag eit svært sjeldsynt instrument, og blir berre brukt i spesielle samanhengar. Han har relativt dårleg intonasjon, og har, samanlikna med saksofonen, ein mindre klår klang. Tidlegare vart Ess-kontrabassen ein del brukt, både til å erstatte kontrabass-saksofonen i militærkorps - han er lettare enn ein barytonsaksofon, og mykje lettare enn kontrabass-saksofonen - og som ei kraftigare erstatning for kontrafagotten, som ikkje var eit så velutvikla instrument tidlegare. Dei få verka som krev sarrusofon vert i dag spelt på kontrafagott.

Sarrusofonfamilien[endre | endre wikiteksten]

  • Sopraninosarrusofon (i Ess)
  • Sopransarrusofon (i Bb)
  • Altsarrusofon (i Ess)
  • Tenorsarrusofon (i Bb)
  • Barytonsarrusofon (i Ess)
  • Bass-sarrusofon (i Bb)
  • Kontrabass-sarrusofon (i Ess)
  • Subkontrabass-sarrusofon (i Bb eller C), går òg under namnet Bb- og C-kontrabass-sarrusofon.