Sarytsj
Sarytsj (ukrainsk Са́рич; russisk Са́рыч; krimtatarisk Sarıç) er eit nes (russisk Мыс, mys) ved kysten av Svartehavet på Krimhalvøya i Ukraina.
Kring 5 km frå Sarytsj ligg feriebyen Foros. Byen i Sevastopol ligg kring 30 km frå neset og Jalta er kring 40 km. Lengda frå Sarytsj til neset Kerempe på kysten av Tyrkia er 227 km, det smalaste punktet i Svartehavet.
Det ligg eit fyr på neset som sidan 2005 har vore eit ømt punkt i forholdet mellom Ukraina og Russland. Sidan 3. august 2005 har fyret vore okkupert av russiske styrkar[1] trass i store protestar frå ukrainske aktivistar.[2] As a military object the territory around the Sarytsj headland is closed to trespassers with barbed wire with the Russlandn flag flying above Sarytsj.[3]
Slaget ved Sarytsj [endre]
- For meir om dette emnet, sjå slaget ved Sarytsj.
Den 18. november 1914 møttes russiske og tyrkiske styrkar til slag utanfor Sarytsj. Tyrkarane hadde med seg den tyske slagkryssaren SMS «Goeben» og den lette kryssaren SMS «Breslau». Begge skipa vart formelt kjøpt av Det osmanske riket og gjeve namna Yavuz og Midilli, sjølv om dei framleis hadde tysk mannskap. Russarane hadde fem slagskip. Under slaget vart det berre utveksla fem salvar. Den tyske admiralen Wilhelm Souchon avslutta kampan etter at Goeben vart treft. Det osmanske riket hadde ikkje anlegg til å reparere eit moderne skip som Goeben, så han måtte sikre at skipet var i stridsdyktig stand.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sarych» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The owner of the "sarych" lighthouse came back with a blank document to the President of Ukraina» (på ukrainsk). CPCFPU. http://cpcfpu.org.ua/projects/foreignpolicy/headlines/security/internal/2302/. Henta February 24, 2007.
- ↑ «Access to ukrainsks is prohibited..» (på ukrainsk). Zakryta Zona. Arkivert frå originalen den March 10, 2007. http://web.archive.org/web/20070310131212/http://www.zakrytazona.tv/ua/programs/pershiy-viddil/teksti/service/ukrayintsyam-vhid-zaboroneno/. Henta February 24, 2007.
- ↑ «"Sarytsj" was surrounded with a barbed wire and had a Russlandn flag flying above it» (på ukrainsk). Korrespondent. February 10 2006. http://www.korespondent.net/main/47225.