Sassen-Bünsow Land nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sassen-Bünsow Land nasjonalpark
Totalareal 1230 km²
Landareal 1157 km²
Sjøareal 73 km²
Område SpitsbergenSvalbard

Sassen-Bünsow Land nasjonalpark er ein nasjonalparkSvalbard. Parken vart oppretta ved forskrift 26. september 2003 i medhald om Lov om miljøvern på Svalbard.

Nasjonalparken omfattar Sassendalen med fjell- og viddeområda på nordsida av dalen, fjell- og breområda aust for Tempelfjorden, Bünsow Land, samt sjøareala i Tempelfjorden (innanfor ei rett linje mellom Sveltihel og Bjonapynten) og i Gipsvika.

Nasjonalparken utgjer ca. 1157 km² landareal (inkludert brear og ferskvatn) og ca. 73 km² marint areal på gardsnummer 1, 25, 26 og 27 på Svalbard.

Formålet med fredinga er mellom anna å ta vare på store areal med samanhengande vegetasjon med innslag av sårbare planteartar, store våtmarksområde; viktige hekke-, nærings- og myteområde for fugl og den karakteristiske og kjente fjellformasjonen Templet.

Lenkje til kart og informasjon[endre | endre wikiteksten]