Satan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For ulike førestillingar av eit gjennomført vondt vesen, sjå djevel
Djevelen som illustrasjon i Codex Gigas frå 1200-talet.

Satan (hebr. שָׂטָן, 'motstandar') er ei nemning brukt om ein fallen engel i abrahamittiske religionar. I jødedommen er Satan ofte framstilt som ei makt som skal prøva trua til menneskja. I andre religionar har han hovudsakleg rolla som ein demon, ein avgud, rota til alt vondt eller lekamleggjeringa av det vonde.

I den hebraiske Bibelen er Satan ein engel som Gud bruker til å testa kor trufaste menneskja er til han (til dømes prøven i Jobs bok). I Det nye testamentet er Satan skildra som ein som leier folk til det vonde, og som ein skal motstå til han blir overvunnen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Satan