Satellitten Ørsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modell av Ørsted-satellitten på Tycho Brahe planetarium

Ørsted er ein dansk forskingssatellitt som er utstyrt med magnetometer for å måle magnetfelt til jorda med særs høg presisjon. I tillegg har han detektorar for å måle energirike partiklar. Føremålet er å studere jordmagnetisme med opphav i det flytande indre av jorda og magnetiske mineral i jordskorpa, samt endringar i mangfeltet som skuldast straumsystem i ionosfæren og magnetosfæren.

Satellitten veg 62 kg og vart skoten opp 23. februar 1999 med ein amerikansk Delta 2 bererakett frå Vandenberg Air Force Base i California. Måledata frå Ørsted har gjeve den mest nøyaktige kartlegginga av magnetfeltet til jorda gjennom tidene. Ørsted er finansiert ved eit samarbeid mellom universitets-, forskings- og industriorganisasjonar i Danmark.

18. november 2000 vart ei vidareutvikling av Ørsted-instrumenta, Ørsted-2, sendt opp på ein argentinsk satellitt, SAC-C. Saman vil Ørsted og Ørsted-2 føreta høgdepresisjonsmålingar av magnetfeltet samstundes frå to forskjellige stader i rommet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]