Satengmonark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satengmonark

Status i verda: LC Livskraftig

HannfuglFoto:
Hannfugl
Foto:

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Monarchidae
Slekt: Myiagra
Art: M. cyanoleuca
Vitskapleg namn
Myiagra cyanoleuca

Satengmonark (Myiagra cyanoleuca) er ein art i monarkfamilien, Monarchidae, med leveområde på øya Ny-Guinea, Det australske kontinentet og Tasmania.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne monarken er generelt mørk, men buk, flanker og undergump er kvite i kontrast til oversida. Han er om lag 17,5 cm lang og veg 17 gram. Vaksne hannar har ei glansfull blåsvart overside, mørkt blått på hovud og hals. Hoer skil seg frå hannar med litt lysare og meir gråleg overside, raudbrunt på kinn, strupe og ned over brystet. Undersida er elles kvit. Ho har lysare fjørtippar på venger og stjert. Ungfuglar har brunleg overside og oransjebrunt på strupen.

Satengmonarken har hekkeutbreiing i søraustre Australia frå nordaustre New South Wales sørover langs kysten gjennom delstaten Victoria og litt inn i søraustre South Australia, og han hekkar dessutan på Tasmania. Han er ein flyttfugl som i februar til mai trekkjer nordover til nordlege Australia og Ny-Guinea og returnerer til hekkeområda i perioden slutten av august til november. Han er tilfeldig gjest på New Zealand.

Dei har typisk habitat i temperert til tropisk fuktig låglandsskogar og vegetasjon dominert av eukalyptus i ravinar. Under trekket kan dei halde seg i meir opne skogar, tørre område, og kystnære skogar og mangrove.

Satengmonarkar lever einslege eller i par, og beitar hovudsakleg på insekt som dei plukkar frå blad og greiner i treverket. Unntaksvis kan dei òg ete frø.

Hekking føregår gjerne i små, lause koloniar, høgt i tre. Begge kjønna tar del i ruging og omsut for ungar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Satengmonark