Saturday Night's Alright for Fighting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saturday Night's Alright (for Fighting)
Singel av Elton John
frå albumet Goodbye Yellow Brick Road
B-side «Jack Rabbit»
«Whenever You're Ready (We'll Go Steady Again)»
Utgjeve 16. juli 1973
Innspelt Chateau d'Hierouville
Sjanger Glamrock, hardrock
Lengd 4:57
Selskap MCA (US/Canada)
DJM Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Daniel»
(1973)
Saturday Night's Alright (for Fighting) «Goodbye Yellow Brick Road»
(1973)

«Saturday Night's Alright for Fighting» (stundom skriven «Saturday Night's Alright (For Fighting)») er ein rockesong av Elton John. Songen vart skriven av John med tekst av Bernie Taupin for albumet Goodbye Yellow Brick Road i 1973. Det er ein av dei hardare songane til John (liknande «Grow Some Funk of Your Own» og «The Bitch Is Back»), med ein stil som minnar om band som The Who og The Rolling Stones og ganske annleis dei tidlegare rolegare songane hans.[1] Songen er spelt inn i ein tidleg rock and roll-stil, liknande glamrock.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i 1973 og nådde Topp 10 i Storbritannia og Topp 20 i USA. Trass i at han ikkje gjorde det like bra som mange av dei andre hittane hans, er det likevel ein av dei best kjende songane hans i dag.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av fleire andre artistar som W.A.S.P., Flotsam and Jetsam, Nickelback (med Kid Rock og Dimebag Darrell), Queen og The Who. Opningsriffet vert ofte nytta av Tommy Emmanuel under tolkinga hans av «Classical Gas». Songe er spelbar i videospelet Rock Band 3 og Guitar Hero 5. Songen vart òg nytta under traileren til filmen Gnomeo and Juliet i 2011.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Storbritannia 7
US Billboard Hot 100 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Classic Rock Gold (liner notes).