Månane til Saturn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saturnmånane)
Gå til: navigering, søk
Montasje av saturnsystemet.

Månane til Saturn er dei naturlege satellittane til Saturn. Så langt er det 60 kjende.

Introduksjon[endre | endre wikiteksten]

Saturnringane skjerer over biletet som er dominert av Titan sin opplyste halvmåne. Enceladus kan sjåast til høgre for Titan; ein kan så vidt ane dei iskalde geysirane på sørpolen. Nord er opp.

Det er så langt oppdaga seksti månar i bane rundt Saturn. Mange av dei har blitt oppdaga først i dei siste åra og kan vera så små som to til tre kilometer på tvers. Sju er massive nok til å ha nådd hydrostatisk likevekt og ville blitt klassifiserte som dvergplanetar om dei gjekk i bane rundt Sola. Ein av desse, Titan, er massiv nok til å halda på ein atmosfære tjukkare enn den her på Jorda. Det har også blitt observert tre objekt som kan vera månar, samt mikromånar. Mikromånane er berre nokre få hundre meter på tvers og er å finna i eit belte i A-ringen, som er estimert til å innehalda tusenvis av slike objekt. [1] Eit presist tal på månar kan ikkje bli oppgitt så lenge det ikkje finst nokon nedre grense på kva som definerast som ein måne. Saturns ringsystem inneheld eit utal småobjekt.

Tidslinje for måneoppdagingane[endre | endre wikiteksten]

Før teleskopfotografering blei teken i bruk, blei åtte saturnmånar oppdaga ved direkte observasjonar gjennom optiske teleskop:

Langtidseksponeringar med fotoplater gjer det mogleg å oppdage fleire månar:

  • 1899Phoebe vert som første satellitt oppdaga ved hjelp av teleskopfotografi av W.H. Pickering.
  • 1905Themis vert oppdaga. Seinare vert det bevist at satellitten ikkje eksisterer.
  • 1966Janus og Epimetheus vert observerte men ikkje bekrefta som saturnmånar. Ein var heller ikkje klar over at det dreidde seg om to objekt.

Studia av dei ytre planetane vart seinare revolusjonert, først ved ubemanna romsondar og så ved forbetringar av teleskopteknologi:

  • 19801990 - Studie av Voyager-bilete avslører ytterlegare åtte månar i det indre av saturnsystemet. Den siste oppdaga var Pan.
  • 2000 – ein studie seint på året finn tretten nye månar i bane ved store avstandar frå Saturn, noko som hinter til at dei er fragment av større lekamar fanga inn av Saturns tyngdekraft. [2]
  • 2004 - Cassini-ferda oppdagar tre små månar i det indre av saturnsystemet samt tre suspekte og ubekrefta månar i F-ringen. Dette bring talet på saturnmånar opp til 37 – både bekrefta og ubekrefta
  • 16. november 2004 – Cassini-forskarar annonserer at strukturen til saturnringane hinter til eksistensen av mange fleire månar; berre ein har blitt visuelt bekrefta så langt – Daphnis. [3]
  • 3. mai 2005 – astronomar annonserer at dei ved bruk av Mauna Kea-observatoriet har oppdaga tolv nye småmånar i det ytre av saturnsystemet. [4][5]
  • 30. juni 2006 - astronomar annonserer at dei ved bruk av Subaru-teleskopet på 8,2 m har funne ni nye småmånar i det ytre av saturnsystemet. [6]
  • 13. april 2007Tarqeq vert annonsert.
  • 1. mai 2007S/2007 S 2, S/2007 S 3 vert annonserte.
  • 18. juli 2007Anthe vert annonsert.

Tabell over dei kjende månane[endre | endre wikiteksten]

Alle saturnmånane er her lista opp etter baneperiode, frå kortast til lengst. Månar massive nok til at overflatane har kollapsa og fått sfærisk form står på lyseblå bakgrunn. Titan, som er stor som ein planet, har mørkare bakgrunn. Dei irregulære (innfanga) satellittane står på grått; lysare grått for prograde satellittar og mørkare grått for retrograde satellittar. På kvitt står dei uregelmessig forma satellittane som har blitt til i bane rundt Saturn.

Rangering Namn (runde månar i utheva skrift) Bilete Diameter (km) Store halvakse (km) Omløpstid (d) Banehelling (°)
(i forhold til Saturns
ekvator)
Posisjon Oppdaging
0 mikromånar 0,06 to 0,14 130,000 eit 3000-km band innanfor A-ringen 2007[7]
1 XVIII Pan
Pan Rev09.2x.jpg
30 (35 × 35 × 23) [8] 133,584 [9] +0,57505 [9] 0,001° i Encke-delinga 1990
2 XXXV Daphnis
PIA06237.jpg
6 − 8 136,505 [9] +0,59408 [9] ≈ 0° i Keeler-gapet 2005
3 XV Atlas
Atlas Rev09.2x.jpg
31 (46 × 38 × 19) [8] 137,670 [9] +0,60169 [9] 0,003° ytre-A-ring-gjetarmåne 1980
4 XVI Prometheus
Prometheus moon.jpg
86 (119 × 87 × 61) [8] 139,380 [9] +0,61299 [9] 0,008° indre-F-ring-gjetarmåne 1980
5 XVII Pandora
Pandora PIA07632.jpg
81 (103 × 80 × 64) [8] 141,720 [9] +0,62850 [9] 0,050° ytre-F-ring-gjetarmåne 1980
6 XI Epimetheus Epimetheus.jpg 113 (135 × 108 × 105) [8] 151,422 [9] +0,69433 [9] 0,335° deler bane 1980
7 X Janus
Janus moon.jpg
179 (193 × 173 × 137) [8] 151,472 [9] +0,69466 [9] 0,165° 1966
8 I Mimas
Mimas moon.jpg
397 (415 × 394 × 381) [10] 185,404 [11] +0,942422 [12] 1,566°   1789
9 XXXII Methone
Methone (frame 15).jpg
3 194,440 [9] +1,00957 [9] 0,007° (Alkyonidane) 2004
10 XLIX Anthe ~2 197,700 1,03650 0,1° 2007
11 XXXIII Pallene
S2004s2 040601.jpg
4 212,280 [9] +1,15375 [9] 0,181° 2004
12 II Enceladus
Enceladus from Voyager.jpg
504 (513 × 503 × 497) [10] 237,950 [11] +1,370218 [12] 0,010° I E-ringen 1789
13 III Tethys
Tethys cassini.jpg
1066 (1081 × 1062 × 1055) [10] 294,619 [11] +1,887802 [12] 0,168°   1684
13a XIII Telesto
Telesto cassini closeup.jpg
24 (29 × 22 × 20) [8] 1,158° førande Tethys-trojan 1980
13b XIV Calypso
Calypso image PIA07633.jpg
21 (30 × 23 × 14) [8] 1,473° etterfølgjande Tethys-trojan 1980
16 IV Dione
Dione.jpg
1123 (1128 × 1122 × 1121) [10] 377,396 [11] +2,736915 [12] 0,002°   1684
16a XII Helene
Cassini Helene N00086698 CL.jpg
33 (36 × 32 × 30) 0,212° førande Dione-trojan 1980
16b XXXIV Polydeuces
Polydeuces.jpg
3,5 [13] 0,177° etterfølgjande Dione-trojan 2004
19 V Rhea
Rhea (moon) thumb.jpg
1529 (1535 × 1525 × 1526) [10] 527,108 [14] +4,518212 [14] 0,327°   1672
20 VI Titan
Titan in natural color Cassini.jpg
5151 1,221,930 [11] +15,94542 1,634°   1655
21 VII Hyperion
Hyperion true.jpg
292 (360 × 280 × 225) 1,481,010 [11] +21,27661 0,568°   1848
22 VIII Iapetus 1472 (1494 × 1498 × 1425) [10] 3,560,820 +79,3215 [15] 7,570°   1671
23 XXIV Kiviuq ~16 11 294 800 [14] +448,16 [14] 49,087° Inuittgruppa 2000
24 XXII Ijiraq ~12 11 355 316 [14] +451,77 [14] 50,212° 2000
25 IX Phoebe
Phoebe cassini.jpg
220 (230 × 220 × 210) 12 869 700 −545,09[15][16] 173,047° Norrøn 1899
26 XX Paaliaq ~22 15 103 400 [14] +692,98 [14] 46,151° Inuittgruppa 2000
27 XXVII Skathi ~8 15 672 500 [14] −732,52 [12][16] 149,084° Norrøn (Skathi) 2000
28 XXVI Albiorix ~32 16 266 700 [14] +774,58 [14] 38,042° Gallargruppa 2000
29   S/2007 S 2 ~6 16 560 000 −792,96 176,68° Norrøn 2007
30 XXXVII Bebhionn ~6 17 153 520 [14] +838,77 [14] 40,484° Gallargruppa 2004
31 XXVIII Erriapus ~10 17 236 900 [14] +844,89 [14] 38,109° 2000
32 XLVII Skoll ~6 17 473 800 [11] −862,37 [14] 155,624° Norrøn (Skathi) 2006
33 XXIX Siarnaq ~40 17 776 600 [14] +884,88 [14] 45,798° Inuittgruppa 2000
34 LII Tarqeq ~7 17 910 600 [17] +894,86 [14] 49,904° 2007
35   S/2004 S 13 ~6 18 056 300 [14] −905,85 [12][16] 167,379° Norrøn 2004
36 LI Greip ~6 18 065 700 [11] −906,56 [14] 172,666° 2006
37 XLIV Hyrrokkin ~8 18 168 300 [11] −914,29 [14] 153,272° Norrøn (Skathi) 2006
38 L Jarnsaxa ~6 18 556 900 [11] −943,78 [14] 162,861° Norrøn 2006
39 XXI Tarvos ~15 18 562 800 [14] +944,23 [14] 34,679° Gallargruppa 2000
40 XXV Mundilfari ~7 18 725 800 [14] −956,70 [12][16] 169,378° Norrøn 2000
41   S/2006 S 1 ~6 18 930 200 [11] −972,41 [14] 154,232° Norrøn (Skathi) 2006
42   S/2004 S 17 ~4 19 099 200 [14] −985,45 [12][16] 166,881° Norrøn 2004
43 XXXVIII Bergelmir ~6 19 104 000 [14] −985,83 [12][16] 157,384° Norrøn (Skathi) 2004
44 XXXI Narvi ~7 19 395 200 [14] −1008,45 [12][16] 137,292° Norrøn (Narvi) 2003
45 XXIII Suttungr ~7 19 579 000 [14] −1022,82 [12][16] 174,321° Norrøn 2000
46 XLIII Hati ~6 19 709 300 [14] −1033,05 [12][16] 163,131° 2004
47   S/2004 S 12 ~5 19 905 900 [14] −1048,54 [12][16] 164,042° 2004
48 XL Farbauti ~5 19 984 800 [14] −1054,78 [12][16] 158,361° Norrøn (Skathi) 2004
49 XXX Thrymr ~7 20 278 100 [14] −1078,09 [12][16] 174,524° Norrøn 2000
50 XXXVI Aegir ~6 20 482 900 [14] −1094,46 [12][16] 167,425° 2004
51   S/2007 S 3 ~5 20 518 500 ~ −1100 177,22° 2007
52 XXXIX Bestla ~7 20 570 000 [14] −1101,45 [12][16] 147,395° Norrøn (Narvi) 2004
53   S/2004 S 7 ~6 20 576 700 [14] −1101,99 [12][16] 165,596° Norrøn 2004
54   S/2006 S 3 ~6 21 076 300 [11] −1142,37 [14] 150,817° Norrøn (Skathi) 2006
55 XLI Fenrir ~4 21 930 644 [14] −1212,53 [12][16] 162,832° Norrøn 2004
56 XLVIII Surtur ~6 22 288 916 [11] −1242,36 [14] 166,918° 2006
57 XLV Kari ~7 22 321 200 [11] −1245,06 [14] 148,384° Norrøn (Skathi) 2006
58 XIX Ymir ~18 22 429 673 [14] −1254,15 [12][16] 172,143° Norrøn 2000
59 XLVI Loge ~6 22 984 322 [11] −1300,95 [14] 166,539° 2006
60 XLII Fornjot ~6 24 504 879 [14] −1432,16 [12][16] 167,886° 2004

Dei følgjande objekta har ikkje blitt bekrefta som månar:

Rangering Namn Bilete Diameter (km) Store halvakse(km) Omløpstid (d) Banehelling Posisjon Oppdaging
*   S/2004 S 6 [18]  
S2004 S6.jpg
~3−5 140,130 [9] +0.61801 [9] usikre objekt kring F-ringen 2004
*   S/2004 S 4 [19]   ~3−5 ~140,100 [20] +0.619 [15] 2004
*   S/2004 S 3 [18]  
S2004 S 3 - PIA06115.png
~3−5 ~140,300 [21] ~ +0.62 2004

Inndelinga av saturnmånane[endre | endre wikiteksten]

Grensene er noko utydelege, men saturnmånane vert delte inn i åtte grupper.

Gjetarmånane[endre | endre wikiteksten]

Gjetarmånar er månar som går i bane innanfor, eller rett utanfor ein planet sitt ringsystem. Gjetarmånar har den effekten at dei formar ringane ved a gje dei skarpe kantar og ved å laga gap i mellom dei. Saturns gjetarmånar er dei små månane Pan, Daphnis, Atlas, Prometheus, Pandora samt dei ubekrefta månane S/2004 S 4, S/2004 S 6 og S/2004 S 3.

Samkrinsande månar[endre | endre wikiteksten]

Janus og Epimetheus deler bane. Desse to månane har omtrent den same størrelsen, og diameteren på banane deira har ein forskjell på berre nokre få kilometer, nærme nok til at dei ville kollidert dersom dei hadde forsøkt å passera kvarandre. I staden for å kollidera fører den gravitasjonelle påverknaden dei har på kvarandre til at dei skiftar bane kvart fjerde år.

Indre store månar[endre | endre wikiteksten]

Dei inste av dei store saturnmånane går i bane innanfor den tynne E-ringen. Dei er Mimas, Enceladus, Tethys og Dione.

Alkyionidane[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Alkyonidane

Tre nyleg oppdaga månar går i bane innanfor denne gruppa, Methone, Pallene og Anthe, samt dei samkrinsande månane som er i ei gruppe for seg sjølv.

Trojanmånane[endre | endre wikiteksten]

Trojanmånar er ein annan type av samkrinsande månar. Likt med dei andre samkrinsande månane kjenner ein berre til slike i saturnsystemet. Ein trojanmånane ved Saturn går i bane ved nøyaktig den same avstanden frå Saturn som ein større måne, men ved ein slik avstand at dei aldri kolliderer. Tethys har to små trojanar, Telesto og Calypso. Òg Dione har to: Helene og Polydeuces. Alle fire av desse månane går i bane i den større månens L4 eller L5 lagrangepunkt, ein i kvart punkt.

Ytre store månar[endre | endre wikiteksten]

Dei ytre store saturnmånane går alle i bane utfor E-ringen og kan såleis bli kategoriserte som ei eigen gruppe. Dei er Rhea, Titan, Hyperion (relativt liten og uregelmessig forma) og Iapetus.

Irregulære månar[endre | endre wikiteksten]

[[irregulær måne|Irregulære månar er små satellittar som har banar med store diametrar, stor banehelling og nokre gongar retrograde banar. Dei er anteke å ha blitt innfanga av Saturns gravitasjon.

Inuittgruppa[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Inuittgruppa av saturnmånar

Inuittgruppa består av fem prograde månar i det ytre av saturnsystemet som har like nok avstandar frå Saturn og inklinasjon til at dei kan bli rekna som ei gruppe. Dei er Ijiraq, Kiviuq, Paaliaq, Siarnaq og Tarqeq.

Den norrøne gruppa[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Den norrøne gruppa av saturnmånar

Den norrøne gruppa består av 29 retrograde månar i det ytre av saturnsystemet. Dei har like nok avstandar frå Saturn til at dei blir rekna som ei gruppe. Dei er Aegir, Bergelmir, Bestla, Farbauti, Fenrir, Fornjot, Greip, Hati, Hyrrokkin, Jarnsaxa, Kari, Loge, Mundilfari, Narvi, Phoebe, Skathi, Skoll, Surtur, Suttungr, Thrymr, Ymir, S/2004 S 7, S/2004 S 12, S/2004 S 13, S/2004 S 17, S/2006 S 1, S/2006 S 3, S/2007 S 2 og S/2007 S 3.

Den galliske gruppa[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Den galliske gruppa av saturnmånar

Den galliske gruppa består av fire prograde satellittar i det ytre av saturnsystemet som har lik nok avstand frå Saturn til at vert rekna som ei grupe. Dei er Albiorix, Bebhionn, Erriapus og Tarvos.

Fordelinga av dei irregulære satellittane[endre | endre wikiteksten]

Fordelinga av banane til dei irregulære satellittane. Dei namngjevne satellittane er ført med gult, S/2004 Sxx med kvitt og S/2006 Sxx med grått.

Diagrammet illustrerar fordelinga av banane til dei irregulære satellittane til Saturn som så langt er oppdaga. Eksentrisiteten til månebanane er representerte ved segmenta (frå perisenter til aposenter). Banehellinga er representert ved y-aksen. Satellittane over x-aksen er prograde; dei under er retrograde. X-aksen er står oppført i millionar kilometer samt prosentdel av radiusen til Saturns Hill-sfære (området ein lekam har gravitasjonell påverknad; for Saturn 65 mill. km).

Namnekonfliktar[endre | endre wikiteksten]

Nokon asteroidar delar namn med ein saturnmåne: 55 Pandora, 106 Dione, 577 Rhea, 1809 Prometheus, 1810 Epimetheus og 4450 Pan.

Sjå òg namnekonfliktar for solsystemobjekt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.colorado.edu/news/releases/2007/411.html
  2. ’’Nature’’ vol. 412 s. 163-166
  3. http://www.space.com/scienceastronomy/saturn_update_041116.html
  4. http://www.ifa.hawaii.edu/~jewitt/saturn2005.html
  5. http://www.planetary.org/news/2005/0503_Twelve_New_Moons_for_Saturn.html
  6. http://www.ifa.hawaii.edu/~sheppard/satellites/satsatdata.html
  7. Miodrag Sremčević et al. (2007) «A belt of moonlets in Saturn's A ring» – Nature.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 8,7 C.C. Porco et al. (2006) «Physical characteristics and possible accretionary origins for Saturn's small satellites» – Bulletin of the American Astronomical Society, nr. 37.
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 9,14 9,15 9,16 9,17 9,18 9,19 J.N. Spitale et al (2006) «The orbits of Saturn's small satellites derived from combined historic and Cassini imaging observations» – The Astronomical Journal, nr. 132.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Kjelde: Thomas et al. 2006
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 11,12 11,13 11,14 Rekna ut frå omløpstida ved bruk av "IAU-MPC Natural Satellites Ephemeris Service" sin µ-verdi
  12. 12,00 12,01 12,02 12,03 12,04 12,05 12,06 12,07 12,08 12,09 12,10 12,11 12,12 12,13 12,14 12,15 12,16 12,17 12,18 12,19 12,20 Kjelde: NASA
  13. Kjelde: Porco et al. 2005
  14. 14,00 14,01 14,02 14,03 14,04 14,05 14,06 14,07 14,08 14,09 14,10 14,11 14,12 14,13 14,14 14,15 14,16 14,17 14,18 14,19 14,20 14,21 14,22 14,23 14,24 14,25 14,26 14,27 14,28 14,29 14,30 14,31 14,32 14,33 14,34 14,35 14,36 14,37 14,38 14,39 14,40 14,41 14,42 14,43 14,44 Kjelde: "IAU-MPC Natural Satellites Ephemeris Service"
  15. 15,0 15,1 15,2 Utrekna frå store halvakse ved bruk av "IAU-MPC Natural Satellites Ephemeris Service" sin µ-verdi
  16. 16,00 16,01 16,02 16,03 16,04 16,05 16,06 16,07 16,08 16,09 16,10 16,11 16,12 16,13 16,14 16,15 16,16 16,17 Negative omløpstider indikerer ein retrograd bane rundt Saturn (motsett av planetens rotasjon)
  17. MPEC 2007-G38
  18. 18,0 18,1 Det er enno ikkje klart om dette er ekte satellittar eller om det berre er klumpar i F-ringen
  19. S/2004 S4 var mest sannsynleg ein kortliva klump – den har ikkje blitt observert sidan
  20. PGJ Astronomie webpage (Gilbert Javaux). Merk at F-ringen er sentrert på ~140,180 km
  21. Sjå fotnotar i S/2004 S 3
Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet