Saturnmånen Iapetus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Oppdaging | |
|---|---|
| Oppdagar | Giovanni Cassini |
| Oppdaga dato | 1671 |
| Baneparametrar | |
| Store halvakse | 3 561 300 km |
| Eksentrisitet | 0,0283 |
| Omløpsperiode | 79d 7t 55m |
| Banehelling | 7,52° |
| Er ein satellitt til | Saturn |
| Fysiske eigenskapar | |
| Middeldiameter | 1436 km |
| Overflateareal | 6 700 000 km2 |
| Masse | 1,9739·1021 kg |
| Middeltettleik | 1,27 g/cm3 |
| Overflategravitasjon | 0,2553 m/s2 |
| Rotasjonsperiode | 79d 7t 55m (bunden) |
| Aksehelling | 14,84° |
| Albedo | 0,04-0,5 |
| Atmosfære | ingen |
Iapetus er den tredje største månen til Saturn, oppdaga av Giovanni Domenico Cassini i 1671. Iapetus er best kjent for dens dramatiske overflatekontrastar, men nylige oppdagelser av romfartøyet Cassini hev avslørt mange andre uvanlege fysiske trekk. Desse mysteria er for augneblunken under undersøkjing av forskarar og ny informasjon om Iapetus avdekkes fortløpande.
[endre] Fysiske Karakteristika
Den lave tettleiken til Iapetus indikerer at den for det mest består av is, med berre ein liten del av tyngre materiale.
I tillegg er den formen til Iapetus korkje sfærisk eller ellipsoideforma, noke som er uvanleg for ein stor måne. Delar av Iapetus virkar å vera skvist flat, og Iapetus' unike ekvatoriale ring er så høg at den påverkar inntrykket av månens form til og med frå avstand. Forskararane hev for augneblunken ikkje moglegheit for å beskriva Iapertus sin form nøyaktig sidan romfartyet Cassini enno ikkje hev avfotografert heile overflata. Mellombels målingar gjev Iapetus dimensjonar på 747.1 × 749 × 712.6 kilometer, og med ein middels radius på 736 ±2km.
Iapetus er eit tungt kratra objekt, og romfartyet Cassini hev avslørt store nedslagsbasseng i den myrke regionen. Blant dei er minst tre over 350 kilometer breie. Det største hev ein diameter på over 500 kilometer. Kantane her er ekstremt bratte og har ein 15 km høg, på engelsk "scarp".
'

