Saturnmånen Narve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saturnmånen Narvi)
Gå til: navigering, søk
Narve
Oppdaging
Oppdagarar Ei gruppe leia av Scott S. Sheppard
Oppdaga dato 2003
Baneparametrar
Store halvakse 19.140.800 km
Eksentrisitet 0,352°
Omløpsperiode 988,6 dagar, over 2,7 jordår
Banehelling 135,8 grader
Er ein satellitt til Saturn
Fysiske eigenskapar
Middeldiameter 6,6 km
Masse ~4.9 × 1015
Middeltettleik ukjend
Overflategravitasjon ukjend
Unnsleppingsfart ukjend
Rotasjonsperiode  ?
Aksehelling  ?°
Albedo 0,06
Overflatetemp. ukjend
Atmosfære ingen

Narve (oppdagingsnamn S/2003 S1) er ein av månane til Saturn. Namnet kjem frå Lokesonen Narve i norrøn gudetru.

Månen blei oppdaga gjennom eit 8,3-m Subaru-teleskop frå toppen av Mauna KeaHawaii. Han var den første nye saturnmånen oppdaga på 22 år. Dei siste oppdagingane før dette skjedde då Voyager 2 flaug forbi planeten i 1981.

Narve er ein liten måne som ligg langt vekke frå Saturn. Han kan vera ein asteroide som er fanga opp gjennom gravitasjonen til planeten, og i framtida er det mogleg at kan han riva seg laus frå planetsystemet og heller kretsa rundt sola.

Namnet blei godkjend av den internasjonale astronomiske unionen, IAU, den 21. januar 2005.