Saturnmånen Paaliaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paaliaq er ein retrograd og irregulært forma satellitt av Saturn. Han vart oppdaga av Brett J. Gladman, John J. Kavelaars, Jean-Marc Petit, Hans Scholl, Matthew J. Holman, Brian G. Marsden, Philip D. Nicholson og Joseph A. Burns tidleg i oktober 2002 og gitt mellombelsnamnet S/2000 S2. I august 2003 vart månen namngjeven etter ein fiktiv shaman i boka The Curse of The Shaman skriven av Michael Kusugak, som supplerte Kavelaars med kjempenamn frå inuitt-mytologi òg brukte for andre saturnmånar.

Paaliaq er tenkt å vera omtrent 22 kilometer i diameter, går i bane rundt Saturn med ei omløpstid på 687 dagar og med ein snittavstand på 15,2 millionar kilometer frå Saturn. Den er ein del av inuittgruppa av irregulært forma saturnmånar.

Likt som Kiviuq og Siarnaq, er Paaliaq lyseraud og har like infraraude spektra. Dette støttar opp om hypotesen om at oppdelinga av ein større lekam er felles opphav til inuittgruppa.