Sau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sau
Sauer i den norske fjellheimen
Sauer i den norske fjellheimen
Status
Status i verda: Husdyr
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Ovis
Art: Sau O. aries
Vitskapleg namn
Ovis aries

Sau (Ovis aries) er ein drøvtyggar. Han er eitt av dei vanlegaste husdyra og vert avla fram for kjøt og ull. Sauen var eit av dei første dyra som vart tamde av menneske, truleg i Midtausten for om lag 10 000 år sidan. Gjennom tidene har det utvikla seg ei rekkje ulike typar sau tilpassa ulike leve- og bruksområde, og i moderne tid har ein avla fram nye rasar særskild tilpassa ull- og kjøtproduksjon.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Soay-sau.

Ordet «sau» stammer frå norrønt sauðr og er i slekt med verbet 'sauda/syda', det vil seia 'koka'. Ordet hev «d» til slutt i høgnorsk, landsmål og noen dialekter: «saud» (eller «Saud»). Andre ord for dyra er «smale» (som i smalehovud) og på bokmål, dansk og svensk «får» (som i fårikål). Ein finn ordet «sau» att i stadnamn som Soay og «får» i Fair Isle og Færøyane.

Hosauen blir kalla søye, tekse eller sau; hannsauen vêr, vedde eller bekre; ungen lam; og eittåringen gimmer eller jømmer.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kamerunsauer.

Sauer er nokså små drøvtyggarar, som regel kjenneteikna av tettkrølla hår, ull. Utsjånad og storleik varierer mykje etter kva type eller rase dei høyrer til. Tamsauer har ofte ungdyreigenskapar heile livet samanlikna med villsauer.

Sauer kan ha ei lengd på 120-180 cm og skulderhøgd på mellom 65 og 127 cm, medan vekta kan variera mellom 20 og 200 kg. Søyene er gjerne rundt 3/4-2/3 av storleiken til vêrane. Dyra kan vera fleire fargar, frå kvit til brun eller svart. Dei kan vera einsfarga eller ha ulike mønster, til dømes flekkar, prikkar eller føter og hovud i ein annan farge enn kroppen. Mange har spiralforma horn. Snuten er relativt smal og har ei vertikal kløft. Skallen på tamsau skil seg frå villsau gjennom å ha mindre augeholer og hjernevolum. Villsau har gjerne ein kort hale på ca. 7-15 cm, mens tamsau har ein noko lenger hale som også fungerer som feittreserve.

Ein sau kan verta 8-12 år gamal, men vert normalt slakta før det.

Muflon i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire teoriar om korleis prosessen føregjekk og korleis sauen oppstod, men DNA-analyse har vist at han stammar frå den asiatiske muflonen som no finst i fjellstrøka i Tyrkia og sør i Iran, og ein annan art som ikkje er funnen. Argali- og urialsau har vore kandidatar, men har ulikt kromosomtal frå tamsau og muflon, og er dermed lite trulege stammødre.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Australia og New Zealand er sauer svært talsterke i forhold til folketalet elles; det er tolv gonger så mange sauer som menneske på New Zealand.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sardinske sauer i flokk.

Intelligens[endre | endre wikiteksten]

Det er ein godt innarbeid myte at sauen er spesielt uintelligent, ein myte som nok har samanheng med at sauen ser ut til å ha ein ikkje-hierarkisk flokkmentalitet. Myten kjem til uttrykk i omgrep som «fåreskalle», «dum som ein sau» og «å følgja bjøllesauen (utfor stupet)».

Forsøk som talar mot slike utsegner har mellom anna vist at sauer er i stand til å kjenna igjen ansiktstrekka hjå i alle fall 50 andre sauer over ein toårsperiode og at enkelte individ er flinke til å laga hol i gjerde eller på anna vis overkoma dei hindera menneska set opp. Sauene er også i stand til å identifisera slektningar og kan halda særskilte vennskap innan flokken. Dei har også individuelle karaktertrekk; til dømes er nokre sauer veldig pågåande og nokre klarer seg fint utanom flokken. Det finst om enn dekning for å påstå at ein gjennom domestikasjonen har luka ut smartare sauer, i det dei ofte vert sett på som problemdyr. Ein annan grunn til utlukinga kan vera at me lenge har prioritert kjøttproduktive sauer framfor sauer som lettare forsvarer seg mot rovdyr.

Flokkgrupper[endre | endre wikiteksten]

Sau på fjellbeite

Det er ingen tvil om at sauen har ein tendens til å samla seg i flokkar, men den er ikkje fullstendig avhengig av ein større flokk. Det hender at sauer deler seg opp i mindre grupper som ein einsleg sau med lam og kanskje fleire vaksne etterkomarar, eit par vêrar som står kvarandre nær (bifili er ikkje eit uvanleg fenomen), ein flokk gimmer og gjeldsauer (sauer utan lam), ein flokk leia av ein spesiell sau (til dømes ein halvspæl blant dalasauer) eller eit par nærslekta eller ikkje fullt så nærslekta sauer.

Avl[endre | endre wikiteksten]

Sauer på ein gard i Cumbria. I England er det vanleg å kryssa hardføre nordlege rasar med større, men veikare rasar for å få størst mogleg produksjon.

Gjennom tidene har det utvikla seg ulike typar sau etter kva klima, fôr og krav til kjøt og ull ein hadde. Avl kan brukast til å forbetra visse eigenskapar hjå ein sau. Gjennom kryssing av ulike typar kan ein også få fram ei blanding av ulike eigenskapar.

Av kommersielle grunner vert gjerne desse eigenskapane desse prioritert:

  • Fruktbarheita (helst to lam om hausten)[treng kjelde]
  • Tilvekstevne som lam (høg tilvekst første fire-fem månadane)
  • Slaktekvalitet hjå lam (høg kjøttfylde og relativt lite feitt)
  • «Morseigenskapar» (uttrykt ved lammetilvekst og problemfri lamming)
  • Ullmengde
  • Ullkvalitet
  • Eksteriør (kroppsbygnad som høver til utmarksbeita; sterke bein og godt jurstell)

Andre eigenskapar som kan ha ein innverknad er

  • Åtferd (lammedreparar vert luka ut)

I avlen vert det nytta få vêrer, og det er difor viktig at dei ein nyttar er spesielt gode. Difor vert vêreavl sett i system ved kåring, vêrringar og vêrindeksar.

Sauerasar[endre | endre wikiteksten]

Sjå og oversyn over sauerasar

Meir enn 200 raser er kjent. Blant sauerasane som finst i Noreg er Dala, rygja, spælsau, sjeviot, svartfjes, norsk pelssau, texel, steigar og finsk landrase. I tillegg kjem rasevarietetar; i Noreg vert dei fleste sauene kategoriserte som norsk kvit sau.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Saueostar til sals på Malta.

Hovudprodukt i Noreg er kjøt og ull. Andre produkt er mjølk og ost, skinn, tarmar og ullfeitt (lanolin).

Sauekjøtet vert nytta i matvarer som smalahovud, fårepølse, pinnekjøtt, lammelår og fårikål. Det er spesielt lammekjøtet som er attraktivt.

Verdivurdering[endre | endre wikiteksten]

Verdien av eit lammeslakt vert bestemt av slaktevekta og slaktekvaliteten (muskelfylde, feitheitsgrad , feittfordeling og feittfarge). Dersom lammet oppfyller eit sett spesielle kriterie, så vert det kalla stjernelam, noko som gjev eit ekstra pristillegg for produsenten.

Ullverdien vert bestemt av vekta, typen (crossbreed, spel, pels) og kvaliteten (farge, vegetabilmengd, filting ...).

Sauer i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Egyptisk stele med guden Amon i ulike skapnader, mellom anna ein vêr.
Sauemosaikk frå Bysantium på 500-talet.

Sauen har sidan temminga blitt til eit av dei viktigaste husdyra i ei rekkje ulike kulturar. I egyptisk mytologi var vêren eit symbol for guden Ra (Amon, Heryshaf) og i Iran er det funne ein statuett som tyder på at ein dreiv framavling av ullgode sauer alt for 6000 år sidan. Sauen finst også som stjerneteikn både i den vestlege (Vêren) og den kinesiske dyrekrinsen.

Innan kristendommen har sauen ei særskild tyding. Jesus er ofte skildra som «Guds (offer)lam», men Gud er også ein hyrding for menneska, som blir likna med ein saueflokk.

Det kvite lammet symboliserer ofte uskuld og reinleik, medan den svarte sauen har vore brukt om nokon som skil seg ut negativt (som i uttrykket «familiens svarte får»). Sauen som flokkdyr kan stå for folk som ikkje tenker sjølv, men blindt følgjer leiarar.

Sauer er nemnd i alt frå barnesonger som «Bæ, bæ, lille lam» til klassiske songar som «Schafe können sicher weiden» og religiøse som «Agnus dei» og ei rekkje salmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sau