Sauøy

Koordinatar: 64°0′4″N 9°9′59″E / 64.00111°N 9.16639°E / 64.00111; 9.16639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°0′4″N 9°9′59″E / 64.00111°N 9.16639°E / 64.00111; 9.16639

Sauøy med Froan kapell bak til venstre.
Foto: Carl Dons / NTNU Universitetsbiblioteket

Sauøy er ei øy som ligg i Froan i Frøya kommune i Trøndelag. Øya har seks fastbuande. På Sauøy ligg Froan kapell frå 1904.

Sauøy ligg i det største samanhengande havområdet som er freda som naturreservat i Noreg; Froan naturreservat og landskapsvernområde. Det er avgrensa fri ferdsel på land i enkelte tider av året.

Det vert drive oppdrettsverksemd i området. Så Sauøy finst noko beiteland og dyrka areal, og det vert drive sauehald. Det er stor tilflytting til øya i sommarhalvåret.

Det er båtsamband til Sistranda på Frøya eit par gonger i veka, noko oftare i sommarhalvåret.

På grunn av at Sauøya ligg så avsides, vart det laga fjernsynsprogram om dei fastbuande der i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]