Saudasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saudasjøen er ein del av tettstaden Sauda, 4 km sørvest for sentrum. I området er det fleire bustadfelt, med til saman omtrent 900 innbyggjarar. Her er metallurgisk industri, og på Nesøyra held fabrikken Si-Glass til, som produserer mellom anna vindaugsglas. Saudasjøen er ein gamal strandstad og var før senter i Sauda kommune. Her låg Sauda gamle kyrkje (som truleg vart bygd på 1600-talet riven på 1860-talet) og frå slutten av 1700-talet gjestgjevargard. Under andre verdskrigen bygde tyske Nordag eit stort aluminiumsverk i Saudasjøen, men produksjonen vart ikkje sett i gang før i 1944. Industribygningane og jernbanespora mellom Sauda og Saudasjøen vart seinare fjerna av Sauda kommune.

Saudasjøen kapell stod ferdig i 1973. Bygningen har i tillegg til kyrkjesal òg ei underetasje der ein i samarbeid med Ryfylkemuseet har laga ei utstilling som syner den gamle kyrkja.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda Bygdesoga 1880-1940, Sauda 2002.
  • Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda. Bygdesoga før 1880, Sauda 1991.