Saudehornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saudehornet
Saudehornet - Saudehornet  sett frå nord.
Saudehornet sett frå nord.
Høgd over havet 1303 moh
Ligg i/på Ørsta, Møre og Romsdal
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Primærfaktor 825 m
Koordinatar 62°14′12.98″N 6°8′34.28″EKoordinatar: 62°14′12.98″N 6°8′34.28″E

Saudehornet er eit fjell som ligg rett ved tettstaden Ørsta i Møre og Romsdal. Det er eit populært skifjell, men bratt. Toppen er lett å nå på sommarstid. Fjellet har og vorte kalla Vikshetta. På Vartdal der fjellet vert sett frå nord, brukar ein namnet Tryhornet eller Tryhorna, fordi det ser ut som fjellet har tre like høge toppar. Frå 2003 har Saudehornet vore mål i det årlege 5,7 km lange motbakkeløpet Saudehornet rett opp som startar ved sjøen i tettstaden Ørsta.

Briten George Hastings var på toppen av Saudehornet den 7. august 1889. Det er den fyrste tidfesta bestigninga, men toppen må ha vore vitja av bygdefolk før den tid.

Bakgrunnsstoff [endre]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.