Saum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Saum (fleirtyding).
Sjømann syr hylster på tauverk for hand.
Bruk av symaskin til skoproduksjon i Australia.

Saum, det å sy eller saume, er å festa eller endra materiale med tråd som ein trer gjennom det ved hjelp av ei nål. Saum er ein utbreidd tekstilteknikk om blir brukt til å laga og dekorera mellom anna klede, møblar, bøker og transportutstyr som segl. Saum blir også brukt til å stenga sår, noko som blir kalla sutur.

Ein kan sy i fleksible materiale som natur- og kunststoff, skinn og papir, og festa mindre fleksible materiale som knappar, fjører og spegelbitar. Til tråd kan ein bruka bomull- eller polyestertråd, men også materiale som senar, tarm og blodårer. Nåler kan vera av horn, bein, bronse, jern og i nyare tider av stål.

I tillegg til kva materiale ein bruker har typen sting innverknad på eigenskapane til det som blir sydd. Fin prydsaum som har til hovudoppgåva å pynta blir kalla broderi. Her er det meininga at stinga skal synast, og ein bruker ofte fin tråd. Tråklesting gjer at stoffet kan gli på sytråden, slik at ein lett kan rysja det saman eller dra tråden ut. Attersting og sikksakksting hindrar derimot stoffet frå å gli. Overkast blir brukt på kanten av stoff, gjerne for å hindra at det frynsar.

Ein kan sy for hand eller med symaskin. I fleire tusen år var handsying den einaste måten å sy på. Symaskinen blei utvikla på 1800-talet og blei seinare vidareutvikla med elektrisk straum og dataprogrammering. Ein skil i dag mellom skreddarsaum, saum utført av ein faglært skreddar, og konfeksjons- eller maskinsum. Maskinsaum er i dag det vanlege i masseproduksjon og blant mange profesjonelle og amatørsyarar, men handsaum er fortsatt i bruk i luksusproduksjon av klede (som haute couture) og i ein del heimeproduksjon.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.