Sava Bohinjka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sava Bohinjka
Savicafossen
Savicafossen
Utspring Dei juliske Alpane
- Høgd 805 moh
Munning Sava
Land i nedslagsfelt Flag of Slovenia.svg Slovenia
Lengd 31 km

Sava Bohinjka er ei av kjeldeelvane til Sava nordvest i Slovenia.

Ho er 31 km lnag og er den kortaste av to kjeldeelvar som renn saman og dannar Savar i Radovljica. Den andre er den 45 km lange Sava Dolinka. Sava Bohinjka spring ut nedanfor Komarčaryggen i ei høgd på 805 meter over havet, frå kjelder i Triglavvassdalen. Fram til ho når Bohinjsjøen vert elva kalla Savica ('vesle Sava') og her finst den 60 meter høge Savicafossen.[1] Ho renn så gjennom Ukanckløfta, der Savica kraftverk er bygd med ein kapasitet på 3 MW. Ho renn frå Bohinjsjøen som Sava Bohinjka gjennom Bohinjska Bistrica, Bohinjska Bela og nær Bledsjøen, før ho møter Sava Dolinka nær Radovljica.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Baedeker, Karl (1879) «Terglou: The Valley of the Wocheiner Save» The Eastern Alps: Including the Bavarian Highlands, the Tyrol, Salzkammergut, Styria og Carinthia (4th ed.) Dulau og Co., London, s. 353, OCLC 4018143

Koordinatar: 46°21′N 14°09′E