Sava Dolinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sava Dolinka
Utspring Dei juliske Alpane
- Høgd 1222
Munning Sava
Land i nedslagsfelt Flag of Slovenia.svg Slovenia
Lengd 45 km

Sava Dolinka er ei av kjeldeelvane til Sava nordvest i Slovenia.

Den 45 km lange Sava Dolinka startar som Nadiža i Planicadalen nedanfor Zadnja Ponca i Dei juliske Alpane, 1222 meter over havet, nær grensa til Italia. Elva går raskt under jorda like etter kjelda go kjem til overflata att 5 km seinare i ei høgd 842 meter over havet i Zelenci, nær Kranjska Gora. Sava Dolinka renn gjennom Kranjska Gora, Gozd Martuljek, Jesenice, mellom Bled og Breg og forbi byen Lesce. Den første av ei rekkje vasskraftverk i elva, Moste (22,5 MW) ligg nær Žirovnica.

Elva renn saman med den andre store kjeldeelva til Sava, Sava Bohinjka, ved Radovljica. Ei av dei største sideelvane til Sava Dolinka er Radovna, som ho møter i Vintgar, ei kløft nær Bled.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°21′N 14°09′E