Savinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Savinja
Savinja i Celje før ho vender sørover til Laško
Savinja i Celje før ho vender sørover til Laško
Utspring Rinkafossen
- Høgd 1120 moh
Munning Sava
Land i nedslagsfelt Flag of Slovenia.svg Slovenia
Lengd 96 km
Savinja nedanfor Øvre Celje-borga i Pečovnik mot nordaust.

Savinja er ei elv nordaust i Slovenia som hovudsakleg renn gjennom Øvre og Nedre Savinjadalen (slovensk Zgornja i Spodnja Savinjska dolina) og gjennom byane Celje og Laško. Savinja er den største elva i Kamnik-Alpane. Ho munnar ut i Sava ved byen Zidani Most. Ho har ofte medført flaum, som i 1960-åra, 1990 og 1995. Savinja er 96 km lang.

Elva oppstår ved Rinkafossen, som renn gjennom eit regulert område i den nedre delen av Logarskadalen, der ho renn saman med Jezera og vert Savinja. Denne kjelda er erklært ein naturarvstad, og Rinkafossen er ein av dei mest kjende i Slovenia. Fossefallet er det høgaste av 20 fossar i Logardalen og vert vitja året rundt. Om vinteren er staden populær hos isklatrarar.

Dei største sideelvane til Savinja er Lučnica ved Luče, Ljubnica ved Ljubno, Dreta ved Nazarje, Paka ved Šmartno ob Paki og Ložnica og Voglajna med Hudinja ved Celje.

Vasskvaliten er rekna som førsteklasses ved Radmirje, men fell så gradvis til andre og tredje klasse.

Frå Ljubno vart det vanleg med tømmerfløyting på elva fram til 1950-åra. Det finst eit monument av ein tømmerfløytar (Splavar) ved elva i Celje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Savinja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°05′N 15°10′E