Savognin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Savognin
Horisonten til Savognin
Kommunevåpenet til Savognin
Kommunevåpenet til Savognin


Plassering
Savognin is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Albula
Geografi
Flatevidd
 - kommune

22,23 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

960
  43,2 /km²
Koordinatar 46°35′0″N 09°35′0″EKoordinatar: 46°35′0″N 09°35′0″E
Høgd over havet 1207 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7460
Nettstad: www.savognin.ch

Savognin (lokal dialekt Suagnign, italiensk Savognino, tysk Schweiningen) er ein kommune i distriktet Albula i kantonenen Graubünden i Sveits. Kommunen har 960 innbyggjarar (2010) og eit areal på 22 km². Kommunesenteret ligg 1207 meter over havet.

Savognin

53% av innbyggarane har retoromansk som morsmål, 37% tysk. Tendensen er slik at tysk kjem til å ta over som morsmål innan ein generasjon.

Kommunen ligg i Surses kreis. Savognin ligg i eit breitt dalsøk kalla Sotgôt, som dannar den nedre delen av Sursesdalen (òg kalla Oberhalbstein).

Kommunen består av ein del av hovuddalen mellom fjella Piz Arblatsch (3203 moh, høgaste punktet i kommunen) i sørvest og Piz Mitgel (3159 moh) i nordaust. Nabokommunar er Cunter, Tiefencastel, Filisur, Tinizong-Rona, Mulegns, og Riom-Parsonz.

Fram til kring 1960 bestod kommunen av fem fråskilde landsbyar som var spreidd langs elva Julia. Dei fem landsbyane var Son Mitgel, Naloz, Sot Curt, Sur Curt og Sur Tocf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Savognin