Scaife Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°06′S 065°08′W
Scaife Mountains
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Palmer Land
 - koordinatar 75°06′S 065°08′W
Administrert under Antarktistraktaten
Scaife Mountains is located in Antarktis
Scaife Mountains (Antarktis)

Scaife Mountains er ei gruppe fjell vest for Prehn Peninsula mellom Ketchum- og Uedabreen i Palmer Land inst på Den antarktiske halvøya.[1]

Fjellkjeda oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne, 1947-48, som namngav desse fjella etter Alan M. Scaife frå Pittsburgh som støtta ekspedisjonen.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Brundage er eit fjell som ligg 22 km vest-sørvest for Mount Terwileger i sørlege delen av Scaife Mountains. Det vart oppdaga av RARE som namngav det etter Burr Brundage i USA Department of State, som assisterte i førebuinga av ekspedisjonen.[2]
  • Mount Terwileger er eit fjell på nordsida av Uedabreen, heilt søraust i Scaife Mountains. Det vart kartlagd av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961-67. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Stephen E. Terwileger, som var sjukepassar på Amundsen-Scott-stasjonen i 1967.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scaife Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).