Skulderblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Scapula)
Skulderbogen med skulderbladet, kragebeinet og brystbeinet. Ribbeina er festa til brystbeinet, og festa til skulderbladet er òg overarmsbeinet.

Skulderbladet eller akselbladet, stundom kalla skapula (av latin scapula), er ein knokkel i det menneskelege skjelettet som bind saman skjelettet i overkroppen med armane. Dei to skulderblada ligg på ryggsida av brystkassa og er tynne, flate og uregelbunde trekanta i forma. Det dannar ledd mot kragebeinet, clavicula, og overarmsbeinet, humerus, og saman med kragebeina så utgjer skulderblada skulderbogen, cingulum extremitas superioris.

Dei i alt seksten musklane som festar på skulderbladet sine to ytterflater, facies dorsalis og facies costalis, tre kantar, margo lateralis, margo medialis og margo superior, og tre vinklar, angulus lateralis, angulus superior og angulus inferior[1], gjer skuldra til den mest rørlege leddet i menneskekroppen.

Skulderbladet har to beinframspring, nemleg skulderhøgda, acromion, og ramnenebbet, proc. coracoideus. Begge desse går ventralt og tener som utspring og festar for ymse musklar.

Framsida[endre | endre wikiteksten]

Venstre skulderblad sett frå framsida (ventralt).
Framsida på venstre skulderblad (fac. costalis).

Skulderbladets framsida er den sida som vender framåt i kroppen og derfor mot ryggsida til brystkassa, på latin ofte kalla facies costalis scapulae (flata på skulderbladet som vender mot ribbeina) eller facies anterior scapulae (framflata på skulderbladet).

Framsida vender mot delar av ribbeina (costae) II–VII og består stort sett av den konkave yta, fossa subscapularis, der m. subscapularis spring ut. Denne muskelen er ein del av skuldermansjetten og strekkjer seg under processus coracoideus for å feste seg på overarmsbeinet.

M. serratus anterior (den sagtannna muskelen) har utspringet sitt på 1.-9. ribbein (derfor den sagtannlinkande utsjånaden) og festar på den mediale kanten, margo medialis scapulae. M. serratus anterior dreg skulderbladet mot brystkassa og stabiliserer det. Han er ein viktig og avgjerande muskel for skulderstabiliteten og verkar inn når ein roterer, løfter eller pressar armen framover som til dømes med ei armheving.

M. triceps brachii lange hovud spring ut rett under leddskåla til overamsbeinet, cavitas glenoidalis, og verkar inn når ein strekkjer overarmsbeinet bakover (ekstensjon).

Baksida[endre | endre wikiteksten]

Venstre skulderblad sett bakfrå (dorsalt).
Baksida på venstre skulderblad (fac. dorsalis).

Baksida på skulderbladet er den sida som er vendt bort frå brystkassa. Ho er på latin kalla facies posterior scapulae, (baksida på skulderbladet) eller facies dorsalis scapulae (ryggsida til skulderbladet).

Over baksida av det spring skulderkammen, spina scapulae, som ved det breiaste partiet til skulderbladet deler det opp i to groper (fossae). Desse er kalla fossa supraspinata (øvre grop) som er utspringet for m. supraspinatus, og fossa infraspinata (nedre grop) som er utspring for m. infraspinatus. Begge desse musklane spring lateralt spring høvesvis over og under skulderkammen til sine feste på overarmsbeinet.

Skulderleddet[endre | endre wikiteksten]

Den laterale vinkelen med skulderleddligamenta.
For meir om dette emnet, sjå Skulderledd.

Skulderleddet, på latin kalla articulat io glenoidale eller articulatio humeri, er eit ekte ledd som bind skulderbladet til overarmsbeinet.

Den laterale vinkel på skulderbladet, angulus lateralis scapulae, er den tjukkaste delen av knokkelen og blir somtid kalla skulderbladshovudet. Ei pæreforma grop, leddskåla, cavitas glenoidalis, leier mot hovudet til overarmsbeinet, caput humeri. Over og under leddskåla finn ein to beinknutar (tuberculi), tuberculum infraglenoidale og tuberculum supraglenoidale. M. biceps brachii festar i den øvre beinknuten.

To distale knokkelframspring stabiliserer skulderleddet, nemleg skulderhøgda, acromion, som avsluttar skulderkammen, og processus coracoideus (det ramnenebbliknande framspringet). Rett medialt for processus coracoideus finn ein utskjeringa incisura scapulae, kvar n. suprascapularis går gjennom. Kring skulderleddet så kler slimposane (bursae) leddet for å minske friksjonen til bindevevet rundt. Desse sliposane er kalla bursae subacromialis, subcoracoideus, musculi subscapularis et subdeltoidea.

For å stabilisere leddet enda betre ligg fire skuldermusklar kring leddet, kalla skuldermansjetten (rotator cuff). Desse musklane er m. teres minor, m. infraspinatus, m. supraspinatus og m. subscapularis.[1]

Vengjescapula (scapula alata)[endre | endre wikiteksten]

Venging av scapula.

Vengjescapula er ein tilstand kor eitt eller begge skulderblada skyt ut frå ryggen når ein strekkjer fram armane. Dette skjer om n. thoracicus longus som innerverer m. serratus anterior ikkje fungerer som han skal, og muskelen blir lamma. Da vil ein ikkje klare å trekkje skulderbladet inn mot baksida av brystkassa om ein skyt fram armane. Det resulterer i venging av skulderbladet, scapula alata.[2] Det kan skje etter visse kirurgiske inngrep ved at ein skadar nerven, inngrep slik som fjerning av lymfeknutar i armhòla som er vanleg ved brystkreft. Det kan òg hende om ein ber tunge sekkar over skuldrene.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gray's Anatomy - Skulderblad (engelsk), vitja 18.12.2012
  2. Nevro-NEL, Scapula alata Arkivert 2013-01-19 ved Wayback Machine., vitja 16.12.2012
  3. Wikipedia.org - Long thoracic nerve (engelsk), vitja 14.12.2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skulderblad