Scheduled monument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stonehenge er eit scheduled monument i England.
Conwy Castle er eit scheduled monument i Wales.
Stevenson-fyret på Isle of May i Skottland er også omfatta av vernet.

Scheduled Monument er ei form for område- eller bygningsvern i Storbritannia. Det kan omfatta eit arkeologisk område, ein historisk bygning eller eit monument av nasjonal betydning. Ordninga er definert i Ancient Monuments and Archaeological Areas Act 1979 og i England òg av National Heritage Act 1983. I England, Wales og Skottland vert dei gjerne kalla Scheduled Ancient Monuments, medan dei i Nord-Irland vert kalla Scheduled Historic Monuments.

Ordninga er administrert av English Heritage i England, Cadw i Wales og Historic Scotland i Skottland. Alle tre er regjeringsorgan, underlagt respektive Department for Culture, Media and Sports, Welsh Assembly Government og Scottish Executive. I Nord-Irland er fornminnevern underlagt ei anna lov og ei anna ordning, og vert administrert av Environment and Heritage Service.

Det vert nytta ei lang liste med kriterium for å avgjere om eit monument skal kome inn under verneordninga. Ordninga gjev eit særs sterkt vern, utover det ein finn i det vanlege bygningsvernet. Kriteria er felles for England og Wales, medan dei i Skottland per 2007 er under revidering.

Monumenta må vere nasjonalt viktige. Utover det vert dei i England og Wales vurdert etter følgjande kriterium:

  • Periode – tidsrommet monumentet var i bruk, eventuelt om det var i bruk i fleire periodar. Det må kunne kallast ancient, men dette er eit laust omgrep som kan nyttast om alt frå mellomaldermonument og lenger tilbake i tid.
  • Sjeldent – monument det finst få parallellar til har størst sannsyn for å vere verna.
  • Dokumentasjon – tidlegare undersøkingar, spesielt arkeologiske undersøkingar, kan kaste lys over kor viktig monumentet er.
  • Gruppeverdi – om monumentet inngår i ein del av eit større kulturlandskap med viktige fornminne.
  • Bevaringstilstand – om det som er bevart kan illustrere storleiken, forma og funksjonen til monumentet.
  • Sårbart – trugslar mot monumentet i form av naturkrefter, utbygging, turisme eller anna kan føre til vern.
  • Representativitet – kor godt monumentet representerer ein type, og om det inneheld unike trekk.
  • Potensiale – høvet til at monumentet kan bidra til kunnskapsauke gjennom vidare studiar.

Det er ikkje mogeleg å anke eit vernevedtak, og prosessen er derfor omstendeleg. Dersom det finst ein direkte trussel mot eit monument kan han likevel påskyndast. Hovudtrekka i prosessen er at den relevante organisasjonen samlar inn informasjon og gjev ei innstilling til sin overordna statsråd, som så fattar eit vedtak.

Verna monument kan anten tas over av staten, eller eigaren kan få ha det mot å ta på seg vedlikehaldsplikt. Det er eigne vakter, Field Monument Wardens, som overvaker monumenta for å sikre mot at dei vert skadde. Det er under lova òg mogeleg å gje eit større område ein lågare grad av vern, som Areas of Archaeological Importance (AAI). Per 2004 hadde sentrum i fem byar (Canterbury, Chester, Exeter, Hereford og York) fått status som AAI. Den delen av lova gjeld berre i England og Wales, ikkje i Skottland.

Å skade eit verna monument er eit lovbrot som vert straffeforfølgd. Arbeid som skal utførast på eller ved monumenta må godkjennast med Scheduled Monument Consent på førehand. Det vert sjeldan gjeve løyve dersom det ikkje er heilt naudsynt. Det kan òg vere vanskeleg å få innvilga byggeløyve heilt inntil grensa for det verna området.

Tidlegare var det vanskeleg å registrere ein del funnstader, som rituelle landskap, knakkeplassar og funnstader under vatn. Dette har det vorte arbeida med, og tre maritime stader har vorte verna.

Enkelte monument som er verna under denne ordninga er òg verna som listed buildings, eller dei ligg i ein Conservation Area. Det er òg nokre som er del av verdsarva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Scheduled monument

Kjelder[endre | endre wikiteksten]